Gradvis gjenopning av bømloskulane

Måndag startar Bømlo kommune opp ei gradvis gjenopning av skulane for 5.-10. trinn. 10. trinn vil bli prioritert med fysiske skuledagar på ungdomstrinnet. Dei yngste elevane på 1.-4. trinn skal framleis gå kvar dag på skulen. Foreldre/føresette får detaljert informasjon som gjeld deira elev(ar) frå sin skule via Mobilskule.

Elevar ser i mikroskop. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Me er veldig glade for at me no etter kvart kan ta i mot alle elevar på skulen att. Mange lengtar etter det sosiale, fysiske fellesskapet på skulen. På Bømlo blir det ein gradvis gjenopning. Skulane er svært forskjellige og derfor blir det lokale tilpassingar innanfor rammene av eit forsvarleg smittevern, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

 

Prioriteringar
Når skuleåret no nærmar seg slutten betyr det også at fleire står framfor ein overgang til eit nytt trinn eller til ein ny skule. Me kjem til å prioritere å sikre så gode overgangar som mogleg, både for dei som skal starte på skulen for første gong, dei som skal skifte hovudtrinn og dei som skal starte på ny skule. I tillegg vil me ha eit ekstra fokus på elevar med særskilde behov.

 

For dei som no går i 10. klasse er avslutninga av grunnskulen ein avgjerande fase. 10. trinn vil derfor bli prioritert med fysiske skuledagar på ungdomstrinnet. Dei yngste elevane på 1.-4. trinn skal framleis gå kvar dag på skulen.

 

Ulike tilbod mellom skulane
Det er mange faktorar som påverkar kor raskt og i kva grad opninga kan skje: storleik på skulen og romma, tal rom, smittevernomsyn med avgrensingar på tal elevar og vaksne som kan vere i lag, skuleskyss, tilgjengelege vaksne, reinhald, osb..

 

Desse tilhøva varierer mykje frå skule til skule og derfor vil også tal skuledagar fysisk på skulen variere mellom skulane. Nokre skular vil kunne gje eit tilbod kvar dag, andre ein dag i veka.

 

Me skal uansett sørgje for at alle elevar kjem minimum ein dag i veka på skulen. Når elevane ikkje er på skulen vil me halde fram med heimeundervisninga som me no har fått etablert gode rutinar for.

 

Bømlo kommune legg også vekt på regjeringa si tilråding om at ei normalisering skal skje saman, kontrollert og over tid. Me vil følgje den vidare utviklinga nøye og legg opp til å gjere dette gradvis – heller enn å sleppe opp for mykje og evt. måtte gjeninnføre strengare restriksjonar.

 

Det betyr også at dei som er sjuke framleis skal halde seg heime, me skal ha god hoste- og handhygiene og me skal halde god avstand til kvarandre!

 

Sjå fullstendig informasjon her (PDF, 155 kB)

 

 

 

 

 

 

 

Sist endra 08.05.2020 14:26
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 54
Mobil:
975 00 432
Tittel:
kommunalsjef - oppvekst, kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering