Hald avstand - faren er ikkje over

Kjersti Follesø - smittevernlege. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Det er lett å forstå at ein blir lei av å heile tida passe på, halde seg heime og halde avstand til andre. Når no fleire får treffast i samfunnet, vil risikoen for smittespreiing og auke. For dei fleste av oss vil smitte med Covid-19 ikkje vere så farleg, men for dei som er i risikogruppa kan det vere katastrofalt å bli smitta, understrekar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Illustrasjonsbilete med høgdehus om koronadistansering. (FHI) - Klikk for stort bilete

Kommuneoverlege og smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune fortel at dei aller fleste som vert smitta med Covid-19 blir friske igjen, som ved andre infeksjonar. Men for dei som er i risikogruppa kan det vere katastrofalt å bli smitta.

 

Korona-pandemien har no vart i om lag 2 månader, og dei store smittetala har me heldigvis ikkje sett i lokalsamfunnet. Noreg har klart å slå ned smitten, og det blir gitt lette i dei restriksjonane som har vore. Det er lett å tenkje at den verste faren er over, og ikkje vere så nøye med å følgje dei råda som nasjonale mynde gir.

 

- Me veit at ikkje alle som blir smitta, blir sjuke. Difor kan me ikkje alltid vere sikker på at me sjølv ikkje kan vere ein smittespreiar. Då er det ekstra viktig å verne dei som er utsette for alvorleg sjukdom, understrekar . smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

 

Ho held fram at dei må òg handle mat og andre naudsynte varer, og flytte seg utanfor heimen innimellom. Difor er det viktig at me held avstand til dei me møter, på turvegar, på butikkar osb. Ikkje gå tett inntil andre mellom hyllene på butikken. Gå i ei boge, eller vent til kysten er klar. Kanskje kan du handle sjeldnare og meir om gangen? Kanskje treng ikkje heile familien vere med?

 

- Det er ikkje mogleg å sjå utanpå kven som kan vere i risiko, så me må alle ta eit ansvar for dei me møter, understrekar Follesø.

 

Helsenorge.no om gradvis gjenopning - oppdatert

 

VIS OMSYN - HALD AVSTAND

Sist endra 01.05.2020 00:02
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering