Hald på rutinane

Koronakrisa krev mykje av oss, og det kan vere vanskeleg å halde fast på vanar og rutinar i ei ny og usikker tid. Likevel er det mykje helse i å gjere nettopp det. 

Barn som ser uroa ut. (Av- og til) - Klikk for stort bilete

Dagane me er inne i no, er uverkelege. Nyheitsbiletet gir oss minutt-for-minutt-oppdateringar på kor mange som er registrert smitta, og kor mange respiratorar som trengst, og me får stadig nye og dystre rapportar frå Italia og Spania. Jobbkvardagen er endra. Mange er blitt permitterte, mange jobbar heimanfrå, og mange jobbar langt utover normal arbeidstid for å halde hjula i gang. 

 
Heime er det òg mykje som er annleis og nytt. Nokre er heime døgnet rundt med tre barn og prøver å manøvrere to jobbar, skulearbeid og dei ulike behova til fem personar. Andre er heilt åleine og har dei siste vekene levd meir isolert frå omverda enn nokon gong før. 
 

Fem tips

Krisesituasjonar som den me er inne i no, er krevjande å handtere. Når så mange av oss er heime heile dagen, kan det vere lurt å etablere nokre faste haldepunkt i det nye tilværet.
 
Her er fem tips. 
1. Få nok søvn og et godt.
Søvn er alfa og omega for å fungere godt. Hald på døgnrytmen og dei sunne matvanane frå kvardagen. 
2. Rør på deg.
Fysisk aktivitet er viktig både for den fysiske og den mentale helsa og hjelper oss til å sove godt om natta. 
3. Avgrens nyheitsoppdateringane.
Det er viktig å halde seg oppdatert om utviklinga og få med seg råda frå helsemyndigheitene. Men unngå korona «minutt for minutt». Vel deg heller eit par tidspunkt kvar dag der du ser nyheiter. 
4. Ring ein venn.
Finn alternative måtar å halde kontakt med omgangskretsen din på. Ring, send SMS eller videochat med venner og familie. Det gjer godt å vere saman med dei vi er glade i, sjølv om vi ikkje kan møtast fysisk. Ta gjerne ein ekstra telefon til ein som du veit bur åleine, eller ein som du veit har det litt ekstra vanskeleg no.
5. Reduser alkoholinntaket.
For mange er alkohol eit velkomme avbrekk, og det er ikkje noko gale i å ta seg eit glas for å kose seg. Men også når det gjeld alkoholbruk, er det klokt å halde seg til kvardagsvanane. Ikkje auk forbruket sjølv om du har heimekontor eller er permittert frå jobben. Eit ekstra glas for å takle at du er lei deg, kjedar deg eller kjenner deg stressa, kan vere starten på eit ekstra problem. Dette er heller tida for å bruke alkovett og tenkje seg ekstra godt om før du opnar flaska – særleg dersom du har barn heime.
 
Når du tek vare på gode vanar frå den vanlege kvardagen, bidreg du til å halde den fysiske og psykiske helsa di ved like. Det kan gjere deg betre rusta til å handtere usikkerheit og eventuell sjukdom. Me menneske fungerer best når vi held på rutinane våre.
 
Sist endra 11.04.2020 09:56
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Mobil:
909 51 516
E-post:
Tittel:
slt-koordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering