Helsestasjonane reduserer tal besøkjande

- Helsestasjonen på Bremnes, Moster og Langevåg er nødt til å redusera antal besøkjande på helsestasjonen i tråd med nasjonale råd om å redusers smitterisiko og hindre spreiing av koronaviruset. Du vil få melding om avlysingar og endringar av timar på sms eller per telefon, opplyser leiande helsesjukepleiar Liv Turid S. Halbmayr.

Kontroll av nyfødt baby. - Klikk for stort bilete

All gruppeverksemd vert avlyst inntil vidare. Helsesjukepleiar vil prioritera oppfølging av nyfødde, samt 6 veker konsultasjonen med lege og helsesjukepleiar. Konsultasjonar som inneheld vaksinar etter barnevaksinasjonsprogrammet vil verta prioritert. Du vil få melding om avlysingar og endringar av timer på sms eller per telefon.

 
- Me vil dessverre ikkje kunne komme på heimebesøk i denne perioden, men vil vera tilgjengeleg på telefonen for råd og rettleiing innanfor vår opningstid, opplyser leiande helsesjukepleiar Liv Turid S. Halbmayr. 
 
Telefonnummer 53 42 33 37
 
Måndag – onsdag kl. 09 – 11 og kl. 13 – 15
 
Torsdag - fredag kl. 10 - 12
  • Gravide vil få eit redusert tilbod og følges opp etter avtale med jordmor Kristin Rykkje. 
  • Helsestasjon for ungdom vil ikkje ha opent for drop in. 
  • Me vil fortsatt kunne tilby prevensjon, ta kontakt for avtale med Kristin Håstø tlf. 47074184
  • Alle avtaler vedrørende utenlandsvaksiner vil bli avlyst på ubestemt tid.
- Ta vare på kvarandre, og følg opp om råda som kjem frå myndigheitane, oppmodar opplyser leiande helsesjukepleiar Liv Turid S. Halbmayr.
Sist endra 16.03.2020 13:20
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 35
Mobil:
414 32 210
E-post:
Tittel:
leiande helsesjukepleiar
Bunnhjørne
 
Login for redigering