Hjelpetelefonen «SNAKK MED OSS»

Hjelpetelefonen SNAKK MED OSS - 917 54 286. - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune har oppretta ein eigen hjelpetelefon med lokale fagfolk som kan yte psykososial omsorg – SNAKK MED OSS - 917 54 286. Telefonen er open kvardagar mellom kl. 09.00-15.00.I tillegg finst det mange andre nasjonale hjelpetelefonar ein kan ta kontakt med.

Ein pandemi kan skapa frykt. Karantene og smittefare gjer at me bør halde oss heime, og me vert isolert. Når skular, barnehagar, fritidstilbod og tilbod til eldre og sjuke vert stengd, sit mange att med krevjande omsorgsoppgåver. 
 
 

Nokon å snakka med

Då treng ein kanskje nokon å snakka med, nokon som kan gje deg gode råd for dagane som kjem. 
 
I Norge har me mange hjelpetelefonar som er døgnbemanna – du finn ei liste her: https://www.psykologforeningen.no/publikum/trenger-du-noen-aa-snakke-med
 
Bømlo kommune har i tillegg oppretta ein hjelpetelefon "Snakk med oss - 917 54 286" med lokale fagfolk som skal bidra til å hindre psykisk uhelse og yte psykososial omsorg og rådgjeving i ein krevjande situasjon. 
 
Dette er ikkje ein smitteverntelefon. Bømlo har ein eigen koronatelefon med nummer 53 42 30 01.
 

Kven kan bruke oss?

Alle som vil snakke om utfordringar og bekymringar kan ta kontakt med vår hjelpetelefon. Du kan vere anonym og me har teieplikt. 
 

Kva kan me tilby? 

Me tilbyr dialog om enkle eller meir vanskelege tema. Me har tid, me lyttar og reflekterer saman med deg og kan gje råd og omsorg. Me ynskjer å bidra til optimisme og oppleving av meistring og sjølvstende.
 
Våre rådgjevarar har ulik fagbakgrunn som sosionom, foreldrerettleiarar, psykisk helsearbeidarar, barnevernspedagog og pedagogar. Ved meir akutt fare og behov for meir kontinuerleg oppfølging, kan me vidareformidle deg vidare til rette instans.
 
Sist endra 21.03.2020 18:09
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
90 96 17 02
Mobil:
909 61 702
Tittel:
verksemdsleiar
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering