Informasjon om krisepakken til idrett, kultur og frivillige

Søknadsfristen for friviljuge lag og organisasjonar å søkje om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengde arrangement er 21. april.

Illustrasjonsfoto krisepakke korona-avlysingar idrett og kultur. - Klikk for stort bilete

Då det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkjarane kan bruke tida fram mot 21. april på å førebu seg.

 
Over heile Noreg har ei rekkje arrangement innan idrett og kultur blitt utsett, stengt eller avlyst. Krisepakken, ei stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint å avhjelpe situasjonen.
 
Nå er mykje klart for at aktørar som fell inn under ordninga kan søkje om kompensasjon for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgifter, samt meirutgifter som følgje av at arrangement må avlysast eller utsetjast på grunn av koronaviruset.
 
Det vert opna for søknader fram til 21. april, men allereie no ligg det mykje god informasjon, rettleiing og spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningane.  Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivillegheit (inkludert kulturfrivillegheit). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot kulturlivet.
 
Les meir om desse ordningane på nettsidene deira: www.lottstift.no og www.kulturradet.no
Sist endra 15.04.2020 16:53
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering