Kjære alle foreldre/føresette!

- Skulane i Bømlo skal strekkje seg så langt som mogleg for å leggje til rette for at elevane kan gjere skulearbeid heime. Me veit at dette kan vere krevjande for dykk heime slik situasjonen er no, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund. Men fortvil ikkje.

Kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund. Portrett. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Prøv å lage gode rutinar, variér aktivitetane ofte og ta gode pauser. Ta gjerne også kontakt med kontaktlærar til barnet ditt om du ønskjer råd og hjelp. 

 
- Det viktigaste no er at me klarer å hindre ytterlegare spreiing av smitte. For nokon kan det vere eit spørsmål om liv og død. Tradisjonelt skulearbeid desse vekene er ikkje så viktig, så senk skuldra og prøv å gjere det beste ut av situasjonen; matlaging, høgtlesing, brettspel og uteleik/praktisk arbeid med familien er også god læring, understrekar kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.
Sist endra 16.03.2020 13:19
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering