Korona-tiltak i Bømlo

Desinfisering av hender. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Helsedirektoratet har vedteke omfattande tiltak for å hindra spreiing av Covid-19 (koronaviruset) og for å bidra til å oppretthalda nødvendige helse- og omsorgstenester. Bømlo kommune føl statlege vedtak, og har ikkje kommunale vedtak for innbyggjarane i tillegg. 

Du finn oppdatert informasjon pr. 17.03.2020 om gjeldande tiltak her:

https://helsenorge.no/koronavirus
 
 
Regjeringa si side om koronavirus (Covid-19):
https://www.regjeringen.no/no/tema/helse-og-omsorg/innsikt/koronavirus/id2692388/
 

I tillegg vil Bømlo kommune presisera følgjande:

 
Personleg hygiene
Alle som oppheld seg i Bømlo skal ivareta god og forsvarleg hand-, hoste- og nysehygiene. Hand¬helsing, klemming og annan nærkontakt skal avgrensast. Alle føresette og vaksne med ansvar for andre bør jamleg rettleia om personlege hygienetiltak.
 
Kommunale tenester
Mange kommunale tenester vert gjennomført i redusert omfang eller er stengde. For tenester som byggjer på vedtak, vert omfanget av tenestene avklart med dei det gjeld. 
 
Stengde tenester:
- Bibliotek
- Symjehall
- Bømlo kulturhus
- Bømlo rådhus (berre telefonkontakt)
- Avlastingsbustad
- Fritidsklubbar
- Alle skular
- Venterom knytt til offentleg transport
 
Tenester med redusert omfang:
- Barne- og familietenesta
- Helsestasjon
- Legetenesta (alle kontor)
- Dagtilbod for ulike brukargrupper
- Hjelpemiddellager
 
Stengde skular og barnehagar
Skular og barnehagar er i utgangspunkt stengde. Dersom føresette har ein samfunnskritisk funksjon og ikkje kan ivareta barnet sitt tilsynsbehov eller barnet har særskilte omsorgsbehov, kan barnet likevel ha rett til opphald i barnehage/ skule. Dersom du ikkje greier å løysa tilsynsbehovet for ditt barn sjølv, ta kontakt med barnehage/ skule for nærare vurdering. 
 
Trekantsambandet
Trekantsambandet er ope. Bømlo kommune oppmodar om at fritidsreiser vert avgrensa så langt som råd er.
 
Karantene
Innbyggjarar i Bømlo kommune skal leggja til rette for å kunna vera i karantene i eigen bustad. Dersom du er i karantene skal du ikkje ha nær kontakt med personar utanom eigen husstand. Du kan berre gå ut dersom du kan unngå nær kontakt med andre. Dette betyr at du ikkje kan gå på jobb eller butikk, gjennomføra lengre reiser, eller oppsøkja stader der større grupper med personar oppheld seg. 
 
Isolering
Isolering tyder at personen oppheld seg i eigen heim eller annan eigna opphaldsstad. Personen skal vera isolert frå andre personar, og ikkje ha nær kontakt med personar i same husstand så langt det er mogeleg.
 
Arrangement
Bømlo kommune minner om at det er forbod mot gjennomføring av arrangement. Me oppmodar sterkt om at sosial omgang så langt som råd er vert avgrensa til eigen husstand.
 
Gravferd
Deltaking ved frammøte bør avgrensast til berre å omfatta den aller næraste familien.
 
Bryllaup
Vigsel vert gjennomført, men berre brudepar og forlovarar og den aller næraste familien er tillaten i kyrkja. Me minner om at sosial omgang så langt som råd er vert avgrensa til eigen husstand og at dette og gjeld bryllaupsfeiring. 
 
Besøk til sårbare grupper 
Det er forbod mot besøk på institusjonane i Bømlo. Dette gjeld Bømlo omsorgstun, Teiglandshagen og Bømlo bu- og helsesenter
 
 
Sist endra 20.03.2020 14:12
Fant du det du leitte etter?