Kva skal du gjere?

Det viktigaste du som innbyggjar kan gjere no, er å unngå å bli smitta. Generell god hygiene er det viktigaste verkemiddelet for å førebyggja smitte.

Plakat om vanar som førebyggjer smitte. (FHI og Helsedirektoratet) - Klikk for stort bilete

  • Bruk eingongslommetørkle når du hostar eller nys. Om du ikkje har det tilgjengeleg bruk olbogen eller underarmen (ikkje handa)
  • Vask hendene grundig og ofte, særleg når du har vore ute blant folk
  • Desinfiser hendene med alkoholhaldige midlar når det ikkje finst mogelegheiter for handvask
Desse retningslinjene vil også gjere deg mindre utsett for å bli smitta av andre sjukdommar. Det vil igjen hjelpe helsevesenet at færre er sjuke av andre sjukdomar enn koronavirus.
 

Mistenkjer du smitte?

Mistenkjer du at du er smitta av koronavirus, til dømes ved at du har fått influensa/forkjølingssymptomar etter å ha vore på reise i eit område du veit, eller i ettertid får vite har vore smittefarleg, eller ha vore i kontakt med personar som du seinare får vite har utvikla sjukdomen, skal du ringe fastlege/legevakt.
 
Du skal ikkje oppsøke legekontora fysisk før du har forklart situasjonen på telefon.
 
Legekontor og legevakter følgjer særskilte rutinar ved mistanke om korona-virussjukdom.
 
Du finn informasjon og konkrete råd om koronaviruset: Helsedirektoratet - Helsenorge
 
Telefonnummer til legekontor/fastlegar i Bømlo
 
Bremnes legesenter  53 42 33 11
Moster legekontor  53 42 33 80
Bømlo legekontor (Langevåg)  53 42 33 70
Kystlegane  53 42 56 10
Legevaktsentralen     116 117
Ved akutte situasjonar        113

Koronatelefon Bømlo for luftvegsplager og spørsmål
Kvardagar kl. 08.30-14.30  

 53 42 30 01
Folkehelseinstituttet sin korona-telefon: 815 55 015 for alle som vil ha informasjon om korona-viruset.
 
Sist endra 20.04.2020 09:45
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering