Luftvegsmottak og koronatelefon flytta til gamle BUS

Luftvegsmottaket for smittetesting er frå måndag 11. mai lokalisert til gamle BUS. Stor dugnadsinnsats frå dei tilsette ved luftvegsmottaket, vedlikehaldsavdelinga og IKT-avdelinga sørga for at flyttinga gjekk smertefritt fredag. Telefontid er 08.30-15.30 – telefonnr. 53 42 30 01.

Lege Anne Marit Særsten Halvorsen og helsesjukepleiar Merete Solås ved nye luftsvegsmottak på gamle BUS. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Som ein del av beredskapen i høve koronapandemien har Bømlo kommune etablert eige luftvegsmottak og koronatelefon. Anne Marit Særsten Halvorsen har det medisinske ansvaret, medan Linda Hellen har det administrative leiaransvaret for avdelinga. Mottaket vil framover vera på gamle Bremnes ungdomsskule og me planlegg i første runde drift av mottaket ut 2020, men det kan bli forlenga om situasjonen krev det, opplyser kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal.

 
Mottaket har fram til no vore drifta av helsesjukepleiarar i skulehelsetenesta, men med fysisk oppstart av skulane treng me nye ressursar til den vidare drifta. No søkjer me etter sjukepleiarar og hjelpepersonell, seier verksemdsleiar Linda Hellen.
 
Mellesdal og Hellen skryt av den store innsatsen vedlikehaldsavdeling har gjort ved gamle BUS med nye dørar, beleggingsstein, blomar og velvilje. Ikkje minst har gjengen på luftmottak flytta og rigga, og IKT som raskt sette opp nye arbeidsstasjonar med pc og nett. 
 
 
BUS -teststasjon luftvegsmottak_lh.jpg (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete BUS - hygienestasjon_lh.jpg (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete BUS - pasientmottak luftvegssmottak_lh.jpg (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete BUS -køyreretning bus luftvegsmottak_lh.jpg - Klikk for stort bilete
Sist endra 13.05.2020 09:23
Fant du det du leitte etter?