Markering av 8. og 17. mai

Årets 17.-maifeiring og markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai vert annleis i år enn det me tradisjonelt er vant med. - Koronasituasjonen vil gjere feiringa i år meir dempa, men også i 2020 skal me feira Grunnlova, folkestyret, fred og fridom på ein minneverdig måte, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V).

 

2019-elevar og flaggborg Blia_sks.jpg - Klikk for stort bilete

Me ser allereie no på Facebooksidene til mange av våre 17.-maikomitear som har planane klare. Kreativiteten er stor, og nasjonale mynde har utarbeida ein eigen rettleiar for 17.-maifeiringa i tråd med smittevernreglane.

 

Sjå 17.-mai rettleiaren frå Helsedirektoratet for meir informasjon

 

Felles digitalmarkering

Bømlo kommune vil i samarbeid med kyrkja og Bømlo-nytt bidra til ei digital fellesmarkering av nasjonaldagen 17. mai. Det vert ikkje arrangert noko offentleg i kommunal regi. Kommunen vil sterkt oppmoda dei ulike 17.-maikomiteane å følgja gjeldande smittevernreglar og tilrådingar frå helsemynde når dei planlegg og gjennomfører ulike aktivitetar i sine bygder.

 

- Er det likevel noko de lurer på om lokale tilhøve kan de kontakta kommunen på postmottak@bomlo.kommune.no, seier smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

 

Kyrkjene i Bømlo med kantor Øystein Lund Olafsen i brodden lovar ei skikkeleg feiring av nasjonaldagen.

 
- 17. mai i år vert sjølvsagt annleis. Men feiring av nasjonaldagen vår skal det bli. Planlegginga av ei stor festgudsteneste for heile Bømlo er godt i gong. Denne blir sendt på nett slik det er vorte gjort den siste tida. Det blir sending vekselvis frå alle kyrkjene og frå den fine bømlanaturen vår. Ulike aktørar frå Bømlo er inviterte med for å bidra med musikkinnslag. Gudstenesta startar kl.11.00, så legg dette inn i planane for nasjonaldagen i 2020. Me kan lova deg ei høgtidsstund, seier kyrkjelydspedagog Laila Hansen Røksund.
 

8. mai-markering på video

Markeringa av frigjerings- og veterandagen 8. mai vert også i år gjennomført, men ikkje på tradisjonelt vis der skulane har ansvaret. Men 75-årsjubileet for freden skal markerast med apellar, flagg, musikk og kransenedlegging. Skulane som har ansvar for dei ulike minnesmerka vil sørgje for at det vert lagt ned krans i år også.
 
Ved Blia-monumentet vil ordførar Sammy Olsen leggja ned krans og halde apell. Ein elev frå Gilje skule vil stå flaggborg medan ein elev frå Bømlo kulturskule vil sørga for musikk. Seremonien vil verte filma, og video vil i etterkant verte lagt ut på kommunen si heimeside og Facebookside. 
 
 
Sist endra 30.04.2020 15:41
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 62
Mobil:
416 33 702
Tittel:
kommunikasjonsrådgjevar/webredaktør
Bunnhjørne
 
Login for redigering