- Me kan ikkje slappe av no

- Me må framleis lojalt følgja opp påbod og reglar for å kjempa mot koronaviruset. Slappar me av no vil me oppleva ei auke i smittetala, åtvarar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Skjermdump video med smittevernlegen 23.3.2020. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune hadde pr. 23. mars to registrerte tilfelle av Covid-19, altså koronasjuke. For å halda dette talet så lågt som mogleg framover er det innført ei rad restriksjonar både nasjonalt og lokalt. I tillegg kjem sjølvsagt råda om god håndhygiene, halde avstand, og berre omgåast dine nærmaste så langt råd er. Så hald dykk mest mogleg heime - dette er ein felles dugnad for å verne liv.

 

Her oppsummerer og forklarar smittevernlege Kjersti Follesø om status i Bømlo kommune pr 23.3.2020.

 
Sist endra 24.03.2020 17:08
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 62
Mobil:
416 33 702
E-post:
Tittel:
kommunikasjonsrådgjevar/webredaktør
Bunnhjørne
 
Login for redigering