Nye opningstider i barnehagane frå 18. mai

Frå måndag 18. mai vil barnehagane i Bømlo kommune utvida opningstida til å halda ope frå kl. 07.30 til kl. 16.00.  

Kongleillustrasjon Alt blir bra (Espira Hollund barnehage) - Klikk for stort bilete

Barnehagane i Bømlo har i fellesskap opna opp gradvis og over tid. Dei har hatt fokus på å gje barna eit godt pedagogisk tilbod, på å gje foreldre eit godt barnehagetilbod og samstundes ivareta det som står i smittevernrettleiaren. Til no har barnehagane hatt ope 08.00 – 15.30.
 
Frå måndag 18. mai vil barnehagane utvida opningstida ytterlegare. Dei vil då halda ope frå 07.30 – 16.00. Veka etter, altså frå 25.mai, vil barnehagane ha full opningstid. Dette føreset at smittesituasjonen er stabil og at det ikkje vert endringar i tiltaka frå myndighetane.
 

Ulike føresetnader

I Bømlo har ein små og store barnehagar, med ulike føresetnader for å gjennomføra opninga. Nokre vil ha trong for fleire og annleis tiltak enn andre, slik me også ser i opning av skule. Det vil koma ytterlegare informasjon frå dei einskilde barnehagane. Det er viktig at de les informasjonen frå ditt barn sin barnehage og at råda frå eigen barnehage vert fulgt.
 
Når barnehagane i Bømlo etter kvart går over til full opningstid, så er det likevel viktig å ha med seg at det ikkje er den «normale» barnehagedagen, som er tilbake. Barna vil framleis vera inndelt i mindre grupper, det vil framleis vera fokus på handvask, vask av leiker og ulike stader der barna møter opp og vert henta. Barnehagane har fokus på å hindra smitte og kunna spora smitte dersom dette oppstår.
 

Me er framleis med på ein nasjonal dugnad og kvardagen er ikkje heilt tilbake på normalen. Det er difor viktig at me held fokus på smittevernråda og at barnehageplassen vert nytta i så få timar dagleg som mogeleg, slik at me hindrar smittespreiing.

 
Sist endra 18.05.2020 10:10
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 55
Mobil:
957 50 151
Tittel:
rådgjevar oppvekst
Bunnhjørne
 
Login for redigering