Om å melde flytting til fritidsbustad

Bømlo kommune har motteke fleire spørsmål om korleis ein stiller seg til det å melda flytting til fritidsbustaden sin. I hovudsak skal det ikkje meldast flytting dersom ein skal ha busetjing mindre enn 6 månadar. Merk at ein fritidsbustad ikkje kan brukast som bustad utan at denne er godkjent bruksendra til bustad. Dette krev særskilt løyve. 

Rorbuer og båtar. Illustrasjonsfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Me oppmodar alle om å følgja råda frå Helsedirektoratet og regjeringa sine tiltak i kampen mot korona-pandemien. Dette gjeld også bruken av fritidseigedomar, seier rådmann Aud Gunn Løklingholm i Bømlo kommune.

 

Endring av bustadadresse

Når ein skal endra bustadadresse inne i ein kommune eller mellom to kommunar så er det krav til å levera flyttemelding, jamfør folkeregisterlova §6-1. Folkeregisterlova sitt føremål er å leggja til rette for sikker, korrekt og effektiv registrering av grunnleggjande personopplysningar om den einskilde som bur i Norge og i dette kva personar som er busett i Norge. 
 
Som hovudregel for bustad gjeld følgjande:  Ein person skal vera registrert med bustad der vedkommande tar sin døgnkvile. Tek du døgnkvile skiftesvis på to eller fleire stader skal bustad registrerast der vedkomande tek sin overvegande døgnkvile i løpet av ein tolvmånadarsperiode.
 
Etter folkeregisterforskrifta §5-1-1 er eit tidsavgrensa opphald av under 6 månader varigheit ikkje å rekna som busetjing på staden, med mindre opphaldsstaden er personen si einaste bustadmessige tilknyting i dette tidsrommet.  
 
Det skal såleis i hovudsak ikkje meldast flytting dersom ein skal ha busetjing mindre enn 6 månadar. 
 

Krev godkjend bruksendring

Me vil også gjera merksam på at ein fritidsbustad ikkje kan brukast som bustad utan at denne er godkjent bruksendra til bustad. Dette då slik bruksendring krev særskilt løyve og må søkjast om etter plan- og bygningslova kap. 20-1 og §20-3. Sjå meir om reglane om bruksendring etter plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter her: https://dibk.no/byggeregler/sak/2/2/2-1/ og her: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-06-27-71/KAPITTEL_4-1#KAPITTEL_4-1
 
 
Sist endra 24.03.2020 14:25
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 62
Mobil:
416 33 702
E-post:
Tittel:
kommunikasjonsrådgjevar/webredaktør
Bunnhjørne
 
Login for redigering