Opningstida i barnehagane

Opningstida i barnehagane fram til 15. mai vert frå klokka 08.00 – 15.30. Måndag 20. april opna alle barnehagane i Bømlo. Av smittevernomsyn kan ein framleis ikkje ha lengre opningstid enn 7,5 timar per dag, så lenge ein skal følgja smittevernrettleiaren for barnehage. Dei fleste barnehagane vil opna klokka 08.00 – 15.30.

 

Alt blir bra teikning av regnboge. Illustrasjon. (Privat) - Klikk for stort bilete Det kan koma unntak dersom barnehagen har trong for å tilpassa tidspunkta, grunna mykje folk i hente-/bringesituasjonen. Barnehagane har også høve til å setja kortare opningstid på einskilde avdelingar, dersom ein t.d. får stort sjukefråvere hjå tilsette. Etter 15. mai vil barnehagane gjera ein ny vurdering i tråd med råd/rettleiing frå myndighetane.

 

Kjekke dagar

Det har vore kjekke dagar for både tilsette og barn i opninga. Barnehagane har hatt mange kreative løsingar i hente-/bringesituasjon og tiltak for å sikra at ikkje det vert for mange kontaktpunkt mellom dei ulike kohortane (smågruppene) i barnehagen. Barnehagane fekk kort tid å gjera seg kjent med smittevernrettleiaren og til å førebu seg på opninga. Bømlo kommune vil rosa måten dei har handtert dette på, samt at dei har strekt seg langt for å sikra så lang opningstid som mogeleg og  som ivaretek smittevernstiltaka. 
 
Alle barnehagane i Bømlo følgjer råda i «Veileder om smittevern i barnehager under covid-19utbruddet 2020».
 
Dei tre grunnpilarane for å bremsa smittespreiing er framleis:
1. Sjuke personar (barn og tilsette) skal ikkje vera i barnehagen
2. God hygiene (vaska hender og ekstra reinhald i barnehagen)
3. Redusert kontakthyppighet mellom personar (barna vert delt inn i kohortar/smågrupper der få tilsette + andre barn er i kontakt med kvarandre).
 
Foreldrebetaling vil bli som før, i tråd med forskrifta: For foreldre til barn som mottar tilbud i barnehage, gjelder ordinære regler om foreldrebetaling i forskrift 16. desember 2005 nr. 1478 om foreldrebetaling i barnehager fra 14. april 2020. Dette gjelder uavhengig av antall timer tilbudet omfatter.(lovdata) 
 
Sist endra 30.04.2020 00:12
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 55
Mobil:
957 50 151
Tittel:
rådgjevar oppvekst
Bunnhjørne
 
Login for redigering