Opphevar hytteforbodet frå 20. april

Rorbuer og båtar. Illustrasjonsfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Regjeringa opphevar frå måndag 20. april forbodet mot å overnatta på fritidseigedom utanfor eigen kommune som dei innførte 19. mars. Rådet om å unngå unødvendige fritidsreiser gjeld framleis. 

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) har ovanfor NTB presisert at hytteforbodet vart innført før påske for å unngå overbelastning av helsevesenet i hyttekommunane. Etter opphevinga av hytteforbodet, som kommunane ikkje har høve til å verken forkorta eller forlengja på eiga hand, kan du ikkje lenger straffast for å overnatta på hytta.

 
Rådet om å unngå unødvendige fritidreiser utanfor eigen «bu- og arbeidsregion», som er områder definert av Transportøkonomisk institutt, gjeld framleis.
 
– Du må bruka hovudet sjølv og tenke gjennom kva som er føremålet med tilrådinga. Det er å unngå smittespreiing, påpeikar helseminister Høie ovanfor Haugesunds Avis.
 
Sist endra 17.04.2020 11:03
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering