Oppmjuking i besøksreglar på institusjonane

Regjeringa har frå 27. mai 2020 oppheva besøksforbodet på institusjonane. Alle smittevernreglar må følgjast.

 

Dame spelar gitar for eldre. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Her er besøksreglane som gjeld i Bømlo kommune no
(jfr. FHI og Helsedirektoratet sine tilrådingaringar)

 
Besøk på rom eller utandørs. Ikkje i fellesareal. 
Smittevernsrutinane må ivaretakast som før
- Pårørande som har vore i utlandet, eller hatt symptom med feber, sår hals og hoste kan ikkje treffa pasientar verken ute eller inne
- Besøkjande må vaske/sprite hendene før og etter besøket.
- Her, som elles i samfunnet, må ein halde 1 meter avstand. 
- Max 2 besøkjande om gongen.
Besøkjande må melde frå til personalet når dei kjem. Det må dokumenterast kven som har vore på besøk for å letta arbeidet ved eventuell smittesporing
Besøkstid: 11.00–12.30 og 16.30–18.00
 
NB: Ved auka smittespreiing i samfunnet, kan det verte naudsynt å stramme inn.
 
 
Sjå også heimesidene til:
 
 
 
Sist endra 28.05.2020 14:45
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering