Pandemien tek ikkje påskeferie

Mange ynskjer å tilbringa påskeferien med å besøkja familie og venner. Dette er ikkje forbode – men hugs at koronapandemien ikkje tek ferie. I desse tider vil reising innanlands kunne medføra mange nye smittetilfelle – noko ingen ynskjer. 

To påskekyllingar og ein påskekyllingstudent. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Kommunen vil ikkje forby folk å kome heim til Bømlo på påskeferie for å besøkja familie og venner, seier rådmann Aud Gunn Løklingholm. Me vil likevel oppmoda alle sterkt til framleis å følgja gjeldande råd og restriksjonar frå nasjonale mynde for å hindra smittespreiing. 
 
 
 
 

Stor honnør

Rådmannen legg til at det store fleirtalet i vår kommune har teke pandemien særs alvorleg og har fulgt råd og rettleiing etter beste evne. Dette fortener dei stor honnør for. 
 
- Dette gjeld også ungdomen og borna. Me skjønar at dei etter å ha vore avskjerma i ein lengre periode no ynskjer å møte og vere i lag med flest mogleg venner, men dette er ikkje tida for det. Men den dagen kjem. Me ynskjer alle ei god påske der me saman held fram med den viktige dugnaden vår for å avgrensa smittespreiing.
 

Gode reglar

Mange har sett fram til påskefri og har for lengst lagt planar for korleis påsken skulle feirast. Det er heilt forståeleg at du kan gå lei av alle reglane om avstand, kontakt og hygiene. Men det er akkurat når du kjenner på den kjensla at du ikkje må gi etter.
 
Me deler Byrådet i Oslo sine eigne byvettreglar for påsken. Reglane passar overalt, er klare og greie:
Vær mest mogleg heime
Vask hendene ofte
Gå tur der du bur
Legg turen til andre tider enn midt på dagen
Unngå kollektivtransport om du kan
Oppsøk nye stader og mindre brukte stiar
Hold minst ein meters avstand til andre når du er ute, og to meter når du er inne
Ikkje vær fleire enn fem mennesker saman
Ikkje planlegg festar og vent med store middagar til seinare
Følg nasjonale regler for karantene og isolasjon
 
 

Ta vare på kvarandre – god påske!

Sist endra 05.04.2020 18:58
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 62
Mobil:
416 33 702
E-post:
Tittel:
kommunikasjonsrådgjevar/webredaktør
Bunnhjørne
 
Login for redigering