Påskehelsing frå ordførar og rådmann

Ordførar Sammy Olsen og rådmann Aud Gunn Løklingholm i Bømlo kommune helsar alle innbyggjarane ei god om annleis påskefeiring. Dei takkar for fellesinnsatsen mot koronapandemien, men understrekar på det sterkaste at me må ikkje sleppe opp no. Kampen er ikkje over - så følg råd og retningslinjer frå nasjonale mynde.

Ordførar Olsen og rådmann Løklingholm (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Gode bømlingar,

Dette vert ei annleis og spesiell påskehøgtid for oss alle. Me står i ei krevjande tid, der ei rad inngripande tiltak i kvardagen vår er satt inn for å dempa smitte og store utbrot av Koronaviruset som herjar i heile verda. Me står akkurat no i ein stor verdsomfemnande dugnad, basert på å halde avstand, opphalde oss heime og være grundige med hygienetiltak. 
 
Alt dette krev mykje av kvar einskild av oss. Våre born, vår ungdom, våre vaksne og våre eldre. Det krev mykje av næringslivet vårt, av alle dei som er permitterte, av alle dei som framleis står i jobb, av alle friviljuge lag og organisasjonar, av politikarane og av kommunen vår. Alle er råka på ulikt vis!
 
Dess flinkare me er no til å halde fast ved tiltaka som vert bestemt, dess snarare vil me kunne kome tilbake til ein meir normal situasjon. Då vil me igjen kunne samlast og leva normale liv på jobb og fritid. Våre eldre kan igjen få gje familien og barnebarn og oldebarn ein klem, ungane kan få vere saman med venner på skule og fritid, ungdomen kan vere ungdom igjen, og me kan alle igjen vere sosiale.
 
Eg vil oppmoda alle bømlingar til å handla lokalt og gjere det dei kan for å støtta opp om vårt lokale nærings- og arbeidsliv. Dette er viktigare enn nokon gong.
 
Denne dugnaden vil gje resultat! 
 
Eg vil til slutt nytta høvet til å ynskja alle bømlingar ei god og roleg påskehelg med følgjande påskevettreglar:
- Hald kontakt med familie og vener over telefon og internett!
- Hus og hage set stor pris på ekstra omtanke og pleie i denne tida!
- Unn deg noko ekstra godt i påska, men vern om dine favorittar!
- Hugs avstand, vask- og hygienetiltak!
 
Sammy Olsen, ordførar
 
 

Bømlo kommune takkar

Bømlo kommune takkar for all hjelp og innsats i fellesdugnaden vår. Me har i desse tider sett ei stor endringsvilje, løysingsorientering og oppblomstring av kreativitet blant våre tilsette for å finna nye måtar å få hjula til å gå rundt så smidig som mogleg.
 
Me vil difor klappa for og takka dykk:
Takk til alt vårt kompetente helsepersonell som står i frontlinja
Takk til alle våre kreative tilsette innan skule- og oppvekst 
Takk til alle våre andre dyktige tilsette på alle nivå i alle sektorar 
Takk til alle tilsette innan mat- og forsyningsbransjen som står på for oss alle
Takk til næringslivet vårt som gjer alt dei kan i ein vanskeleg situasjon
Takk til alle bømlingar som stiller opp i dugnaden saman med oss
 
No er det utruleg viktig å ikkje sleppa opp og tru at faren er over – me må framleis stå saman og følgja råd og retningslinjer frå nasjonale og lokale mynde.
 
Din innsats er viktig!
 
Aud Gunn Løklingholm, rådmann
 

Vis omsyn – ta vare på kvarandre!

 

 Påskekyllingar - illustrasjonsbilete. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Sist endra 13.04.2020 21:44
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering