Rapportering av økonomiske konsekvensar

Logo Norges Idrettsforbund Vestland krets. (NIF Vestland krets) - Klikk for stort bilete På grunn av koronasituasjonen vidareformidlar Bømlo kommune ei melding frå Noregs idrettsforbund.

Noregs idrettsforbund sende den 23. mars 2020 ut eit nyhendebrev til alle idrettslag, kor forbundet ber laga om å rapportera om økonomiske konsekvensar som følge av koronasituasjonen. Formålet med denne rapporteringa er å skaffa norsk idrett ei god og oppdatert oversikt over idrettslege og økonomiske konsekvensar som koronaviruset (Covid-19) har påført idretten. Denne rapporteringen er berre ei kartlegging av de samla økonomiske konsekvensane, og ikkje ei tilbakebetalingsløysing.  
 
Svara frå idrettslaga er likevel veldig viktige for at Noregs idrettsforbund skal kunna ha eit best mogleg faktagrunnlag om økonomiske og idrettslege konsekvensar i dialog med lokale og nasjonale myndigheiter. 
 
 
Noregs idrettsforbund oppfordrar alle særforbund og idrettskrinsar til å synleggjera denne informasjonen på deira nettsider og i sosiale medie-kanalar, kor ein oppfordrar alle idrettslag om å rapportera inn. Ein kan lesa ei nyhendesak frå forbundet her.
 
Sist endra 04.04.2020 21:25
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 68
Mobil:
911 65 377
E-post:
Tittel:
rådgjevar kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering