Regjeringa innfører hytteforbod

Bømlo kommune får mange spørsmål frå folk om det er greitt at dei oppheld seg på hyttene sine i Bømlo kommune. Om ettermiddagen torsdag 19. mars vedtok regjeringa å innføra forbod mot overnatting på fritidseigedom utanfor eigen kommune. 

Rorbuer og båtar. Illustrasjonsfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kommunane har ikkje høve til å gjere unntak frå forbodet.
 

Regjeringa har oppmoda alle sterkt om å halda seg i heimkommunen sin, for å unngå at hyttekommunar sitt helsevesen vert belasta med andre enn eigne innbyggjarar. I forskrift av 15.3.2020 nr 294 er det innført forbod mot å opphalda seg på fritidseigedom der vedkomande ikkje er folkeregistrert:

 
§ 5 Forbud mot opphold på fritidseiendom i annen kommune enn hjemstedskommunen
Personer som har fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert, forbys å ta opphold på denne. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates
 
Denne paragrafen er no gjeldande.
 
Det er gjort unntak for personar som bur saman med smitta (les meir her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/innforer-hytteforbud/id2694262/).
 

Spørsmål og svar om hytteforbodet

 
Nokre presiseringar som er gjort klarare: 
• Kommunane ikkje kan dispensere,og det kan heller ingen andre
• Dagsturar, tur i fritidsbåt er frårådd, men ikkje forbode
• Pendlarovernatting er lov
• Overnatting i samband med strengt naudsynt vedlikehald er lov
• Personar i karantene fordi dei har stadfesta koronasmitta i husstanden sin,kan ta i bruk fritidsbustadog overnattederfor å unngå kontakt med den smitta
• Justisministaren sa på pressekonferansen 31. mars at det er lov og legitimt at studentar reiser heim til familien sin i påsken 
• Ikkje forbod mot overnatting på campingplassar og båthamner, men kommunen har høve til å stengje desse dersom det førebyggjer smitte og dei andre vilkåra i smittevernlova er oppfylte.
 
Bømlo kommune har ikkje mynde til å gje dispensasjon. 
 

Om å melde flytting til fritidsbustad

Bømlo kommune har motteke fleire spørsmål om korleis ein stiller seg til det å melda flytting til fritidsbustaden sin. I hovudsak skal det ikkje meldast flytting dersom ein skal ha busetjing mindre enn 6 månadar. Merk at ein fritidsbustad ikkje kan brukast som bustad utan at denne er godkjent bruksendra til bustad. Dette krev særskilt løyve. 
 
- Me oppmodar alle om å følgja råda frå Helsedirektoratet og regjeringa sine tiltak i kampen mot korona-pandemien. Dette gjeld også bruken av fritidseigedomar, seier rådmann Aud Gunn Løklingholm i Bømlo kommune.
 

Endring av bustadadresse

Når ein skal endra bustadadresse inne i ein kommune eller mellom to kommunar så er det krav til å levera flyttemelding, jamfør folkeregisterlova §6-1. Folkeregisterlova sitt føremål er å leggja til rette for sikker, korrekt og effektiv registrering av grunnleggjande personopplysningar om den einskilde som bur i Norge og i dette kva personar som er busett i Norge. 
 
Som hovudregel for bustad gjeld følgjande:  Ein person skal vera registrert med bustad der vedkommande tar sin døgnkvile. Tek du døgnkvile skiftesvis på to eller fleire stader skal bustad registrerast der vedkomande tek sin overvegande døgnkvile i løpet av ein tolvmånadarsperiode.
 
Etter folkeregisterforskrifta §5-1-1 er eit tidsavgrensa opphald av under 6 månader varigheit ikkje å rekna som busetjing på staden, med mindre opphaldsstaden er personen si einaste bustadmessige tilknyting i dette tidsrommet.  
 
Det skal såleis i hovudsak ikkje meldast flytting dersom ein skal ha busetjing mindre enn 6 månadar. 
 

Krev godkjend bruksendring

Me vil også gjera merksam på at ein fritidsbustad ikkje kan brukast som bustad utan at denne er godkjent bruksendra til bustad. Dette då slik bruksendring krev særskilt løyve og må søkjast om etter plan- og bygningslova kap. 20-1 og §20-3. Sjå meir om reglane om bruksendring etter plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter her: https://dibk.no/byggeregler/sak/2/2/2-1/ og her: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-06-27-71/KAPITTEL_4-1#KAPITTEL_4-1
 
 
Sist endra 05.04.2020 19:05
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 54
Mobil:
469 64 985
E-post:
Tittel:
konstituert avdelingsleiar arealbruk
Bunnhjørne
 
Login for redigering