Samleoversikt over koronatiltak

Regjering rundskriv covid-19 - Klikk for stort bilete

Barnehagane er opna og hytteforbodet oppheva. Men det er framleis mange restriksjonar og tilrådingar som gjeld for å avgrensa koronapandemien. Helse- og omsorgsdepartementet har forfatta eit rundskriv for å gi ei samla oversikt over dei tiltaka som er sett i verk i samband med koronapandemien.

Erna Solberg og Bent Høie (Regjeringa) - Klikk for stort bilete

Helesnorge.no om gradvis gjenopning - oppdatert

 

Måndag 20. april oppheva Regjeringa hytteforbodet, barnehagane opna og helsetenester 1-1 som fysioterapeutar, kiropraktorar og psykologar kunne igjen byrja sitt virke i tråd med gjeldande smittevernreglar. Frå måndag 27. april opnar også småskulen, klassestega 1.-4, og SFO att. I tillegg kan verksemder der det er ein-til-ein-kontakt, som til dømes frisør, hudpleie og massasje, halde ope dersom krav om smitteverntiltak vert fulgt.

 

– Me har no saman fått kontroll på viruset, derfor kan me opna opp samfunnet litt etter litt. Me skal gjere det saman, kontrollert og over tid, sa statsminister Erna Solberg under Regjeringa si presskonferanse 7. april.

 

Men det har vore mange spørsmål om korleis ein skal tolka dei ulike påboda og tilrådingane, og kva kommunane sjølv kan bestemma og ikkje. No har Helse- og omsorgsdepartementet sendt ut eit rundskriv for å gi ei samla oversikt over dei tiltaka som er sett i verk i samband med koronapandemien.

 

Les rundskrivet med ei samla oversikt over dei tiltaka som er sett i verk i samband med koronapandemien


Sjå også Folkehelseinstituttet sine oppdaterte råd pr. 21.04.2020 om fritidsreiser

Sist endra 01.05.2020 00:01
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering