Stengjer skular og barnehagar

Smittevernlege, ordførar og rådmann i Bømlo kommune. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Stenging av skular, barnehagar, symjehallen, kulturhus, bibliotek og rådhuset er blant tiltaka Bømlo kommune innfører i kampen mot smittespreiing av korona-viruset. Ordførar, rådmann og smittevernlege oppmodar alle til å lojalt følgje opp restriksjonar og råd som vert gitt i denne vanskelege situasjonen.

- Regjeringa bestemte i dag å stengja skular og barnehagar, men med pålegg om visse tilbod for å kunne oppretthalda kritiske samfunnsfunksjonar innan mellom annan helsevesen og transport. Bømlo kommune innfører frå i dag strengare restriksjonar for våre eigne tilsette, og reduserer i tilboda til publikum. Dette vert gjort for å avgrensa smittespreiinga av koronaviruset, seier ordførar Sammy Olsen (Sp).

 
 
 
Ordføraren hadde i føremiddag møte med rådmann Aud Gunn Løklingholm og resten av kommunal kriseleiing. 
 
- Utviklinga endrar seg fort, så nye tiltak må koma. Publikum vil merka at me reduserer på våre tilbod, til liks med det idretten og andre er nødt til å gjere for å verna om våre mest sårbare for koronasmitte, opplyser konstituert rådmann Aud Gunn Løklingholm.
 
- Me har også bestemt å stengje institusjonane våre for besøkjande i ein kort periode, presiserer smittevernlege Kjersti Follesø. Dette gjeld Bømlo bu og helsesenter, Teiglandshagen bufellesskap og Søre Bømlo omsorgstun.
 
 

Stengjer kulturhus og symjehall

 
Inntil vidare vert følgjande stengt for ein periode:
  • Alle institusjonar stengt for besøkjande i ein kort periode
  • Bømlo kulturhus stengjer for arrangement for publikum i 2 veker
  • Ungdomsklubbane stengjer 
  • Biblioteka stengjer  
  • Bømlo symjehall stengjer 
  • Rådhuset blir stengt for publikum, utanom for dei som har avtale
  • Bømlo brann og redning utfører ikkje tilsyn med fyringsanlegg og innvendig feiing av piper
  • Brannstasjonen vert stengt for publikum
     
For kommunen sine tilsette vil følgjande verte innført:
  • Stenger kantina i Rådhuset, på BBH og avviklar uformelle lunsjstader 
  • Alle tilsette som har vore på fly/flyplassar vert sett i karantene i 2 veker ved heimkomst
Sist endra 20.03.2020 14:15
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 62
Mobil:
416 33 702
Tittel:
kommunikasjonsrådgjevar/webredaktør
Bunnhjørne
 
Login for redigering