Tilsyn av born i barnehagar og skular

Helsedirektoratet sine retningsliner for stenging av skular og barnehagar gjev dispensasjon for born og unge med særskilde omsorgsbehov, og barn av føresette med kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdskritisk oppgåve. Dette gjeld i den perioden barnehagar og/eller skular er stengde. 

Barnehagar - nytt toppbilde (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritisk oppgåve

Terskelen for å få tilbodet ligg høgt av omsyn til smittevern. Derfor bør dette tilbodet avgrensast så mykje som mogleg. 
 
Det er to moglegheiter for å få tilbod:
1) Personell i kritisk samfunnsfunksjon
2) Personell med andre verksemdskritiske oppgåver
 
For både punkt 1 og punkt 2 gjeld at:
Born skal i hovudsak vere i SFO-alder, men også dei under 12 år kan vurderast
Frå 14.04.20 er det nok at ein av dei føresette har slik funksjon. Foreldre som arbeider i barnehagar og på småtrinnet i grunnskulen, er lagt til som samfunnskritisk funksjon 
Familien finn ikkje andre moglegheiter for barnepass
Arbeidsgjevar må på førespurnad kunne stadfeste at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdskritisk oppåve
 
Føresette som ønskjer å få ei vurdering på om dei har slike rettar til plass, kontaktar barnehagestyrar eller rektor. Eit eventuelt avslag frå styrar eller rektor kan ikkje påklagast. 
 
 

Born med særlege omsorgsbehov

For å hindre spreiing av smitte er kommunen pålagt å ha ein restriktiv praksis. Den einskilde skule og barnehage vil gjere konkrete og individuelle vurderingar av kven som bør få dette tilbodet. Moment i denne vurderinga kan vere om dei til dømes har store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av hjelpetiltak og anna. 
 
Born som skal nytte seg av tilbodet må vere friske og ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjonar.
 
Omsorgstilbodet vil føregå innanfor barnehage og skule si ordinære opningstid, men vert avgrensa til behovet den/dei føresette har. Det vert gjort individuelle avtalar på tidspunkt og dagar i veka der behovet er til stades. Elevar som ikkje til vanleg har plass i SFO, kan ikkje nytte eit tilbod ut over vanleg skuletid.
 
 
Føresette som ønskjer å få ei vurdering på om dei har slike rettar til plass, kontaktar barnehagestyrar eller rektor. Styrar eller rektor skal drøfte eit evt. tilbod med representant for eigar. Eit eventuelt avslag skal vere skriftleg og kan påklagast. Ein eventuell klage skal sendast til kommunen.
 
 
 
 
Sist endra 14.04.2020 11:13
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 54
Mobil:
975 00 432
Tittel:
kommunalsjef - oppvekst, kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering