Tredje koronasmitta i Bømlo

- Bømlo kommune har no tre stadfesta tilfelle av Covid-19-sjuke. Det siste tilfelle har ingen kjent relasjon til dei to første, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø.

Lege og sjukepleiar i smittevernutstyr. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Smittevernlegen opplyser at det førebels ikkje ligg føre ei total oversikt over tal testa på Bømlo. Sidan mottaket for luftvegssmitte vart etablert i sist veke har det i snitt blitt testa fem personar dagleg. I tillegg vert nokon testa på Stord.


Bømlo kommune fekk sitt første stadfesta tilfelle av koronasjuke 18. mars 2020.

Sist endra 31.03.2020 10:04
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering