Trygt å kontakta fastlegen

Grunna smittefaren ved korona-viruset er det endra rutinar ved alle legekontora i kommunen. Det betyr mellom anna at dørene blir stengde. Men det er framleis høve og trygt å kontakta fastlegen di for anna enn koronarelaterte saker.

Varsel om stengt dør ved Bremnes legesenter. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Endra rutinar ved legekontora

I samband med koronapandemien har legekontora låst dør, men fastlegane er framleis tilgjengelege. Me vil unngå smitte på legekontora. Av den grunn blir alle med luftvegssymptom som treng legehjelp vist til eige mottak, for å verna dei andre pasientane for smitterisiko. Det er difor trygt å koma til fastlegen, men du må ha avtale på førehand.

 
 
Dersom du treng kontroll for kronisk sjukdom, eller har symptom som bør vurderast av lege, skal du kontakta fastlegekontoret på telefon eller via elektronisk bestilling: Helsenorge.no for dei kommunale kontora - Helserespons.no for Kystlegane. Legen din kan då vurdera om du bør koma på time eller følgjast opp på annan måte.
  • Alle legekontora på Bømlo vil inntil vidare ha stengt dør.
  • Pasientane må ringja for å avtale legetime, blodprøvekontroll eller andre undersøkingar
  • Dei som har fått tildelt time ventar i bilen til dei får telefon om at dei vil bli sleppt inn
  • Ved Bømlo legekontor (Langevåg) får ein svar på telefon måndag, onsdag og fredag. Blodprøvar m.m. utførast etter avtale onsdagar. Legetime pr telefon eller videokonsultasjon. Dersom det etter ein legevurdering er naudsynt med fysisk frammøte, vil ein få time ved Bremnes legesenter. 
     

Telefonnummer til legekontor/fastlegar

Bremnes legesenter  53 42 33 11
Moster legekontor  53 42 33 80
Bømlo legekontor (Langevåg)  53 42 33 70
Kystlegane  53 42 56 10
Legevaktsentralen     116 117
Ved akutte situasjonar        113

Koronatelefon Bømlo for luftvegsplager og spørsmål
Kvardagar kl. 08.30-14.30  

 53 42 30 01
 
Folkehelseinstituttet sin korona-telefon: 815 55 015 for alle som vil ha informasjon om korona-viruset.
Sist endra 20.04.2020 09:42
Fant du det du leitte etter?