Legetenester

Lege lyttar på bryst til pasient. Illustrasjonsfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Endrar rutinar på alle legekontora 

  • Alle legekontora på Bømlo vil inntil vidare ha stengt dør.
  • Pasientane må ringja for å avtale legetime, blodprøvekontroll eller andre undersøkingar
  • Dei som har fått tildelt time ventar i bilen til dei får telefon om at dei vil bli sleppt inn
  • Ved Bømlo legekontor (Langevåg) får ein svar på telefon måndag, onsdag og fredag. Blodprøvar m.m. utførast etter avtale onsdagar. Legetime pr telefon eller videokonsultasjon. Dersom det etter ein legevurdering er naudsynt med fysisk frammøte, vil ein få time ved Bremnes legesenter. 

Telefonnummer til legekontor/fastlegar

Bremnes legesenter  53 42 33 11
Moster legekontor  53 42 33 80
Bømlo legekontor (Langevåg)  53 42 33 70
Kystlegane  53 42 56 10
Legevaktsentralen     116 117
Ved akutte situasjonar        113

Koronatelefon Bømlo for luftvegsplager og spørsmål
Kvardagar kl. 08.30-14.30  

 53 42 30 01
 
 
Folkehelseinstituttet sin korona-telefon: 815 55 015 for alle som vil ha informasjon om korona-viruset.
 

 

Legevakt 116117 (nasjonalt nummer)

Ved akutt oppstått sjukdom uansett tid på døgnet.

Legevakta er interkommunal og lokalisert til Stord sjukehus

Livstruande tilstander: Ring 113 (Medisinsk nødtelefon-Haugesund)

God informasjon om korona-virus på Folkehelseinstituttet            

Har du spørsmål om økonomisk sosialstønad, dagpengar eller andre ytingar? Sjå NAV.no

 

Legekontor i Bømlo

Det er fire legekontor i Bømlo kommune. På Svortland ligg Bremnes legesenter med 6 legar og LIS1-lege, og Kystlegane med 5 legar. Moster legekontor har 2 legar og Bømlo legekontor på Langevåg har 1 lege. Det blir nytta vikarlege når nokon er borte over fleire dagar, ellers vikarierer legane for kvarandre.

 

 

Endringar av fastlegar:

Bømlo kommune har tilsett to ALIS-legar gjennom ALIS-VEST prosjektet:

Sandra Langedal frå 01.09.17 ved Kystlegane.
Anne Marit Særsten Halvorsen frå 01.01.18 ved Bremnes legesenter


Pasientar som får ny fastlege vil få melding frå Helfo om kva lege dei er tildelt. Dersom du får lege ved anna legekontor kan du be om overføring av journal.

 

ALIS vest prosjektet - rekrutteringsfilm frå Bømlo


Legesituasjonen per april 2020:

 

KYSTLEGANE:  Tlf 53 42 56 10


Livar Braut
Kåre Dahl
Astrid J. Færevåg
Gunnar Bondevik
Sandra Langedal


BREMNES LEGESENTER: Tlf 53 42 33 11

Bømlo Helsehus,Leirdalen 25, 5430 Bremnes

 

Jorid Fadnes

Marit Aas

Anne Marit Særsten Halvorsen

Vidar Røen

Torbjørn Egenberg

Suvetha Selvachandrapose 

LIS 1 (Turnuslege)


MOSTER LEGEKONTOR: Tlf 53 42 33 80

mostravegen 561, 5440 Mosterhamn

 

Ope: Måndag-tirsdag-onsdag-torsdag


Torhild Taraldsøy

Hogne Buchvold


BØMLO LEGEKONTOR: Tlf 53 42 33 70

Vestvikvegen 2, 5443 Bømlo

 

Ope: Måndag-onsdag-fredag


Knut Arve Omdal

 

Time-, reseptbestilling og meir informasjon


Kystlegane

 

Bremnes, Moster og Bømlo legekontor: Logg inn med ID: Veiledning helsenorge.no

 

 

Tannlegevakt:

www.tannlegerinorge.no


Fastlegeordninga

Fastlegeordninga gjev alle innbyggjarane i Norge rett til å ha ein almennlege som sin fastlege. Fastlegeordninga er friviljug. Dei som ikkje ønskjer å vere del av fastlegeordninga, må sjølv finna ein allmennlege å gå til.

Fastlegene har avtale med kommunen om å gje innbyggjarane almennlegetenester, både når det gjeld somatiske og psykiske problem. Det er fastlege som skal kontaktast ved akutte tilstander som oppstår på dagtid. Dette fordi det faste lege kjenner deg og dine helseproblem best, og behandar difor også dei vanlege akutte problema best. Alle legekontora i kommunen har plikt til å setje av rimeleg tid til akutte tilfelle.
 

Fastlegen er ein allmennlege som har inngått avtale med kommunen om deltaking i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein fast, namngitt allmennpraktiserande lege. Fastlege skal vera tilgjeneleg for sine pasientar og skal prioritere desse føre personar som ikkej står på legen si liste. Du kan sjølv velgje kva for lege du vil ha som fastlege, men lege må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommunen enn den du bur i.

Det er friviljug å delta i ordninga, og du kan fritt velgje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betalar du ein høgare eigenandel. Dersom du har foreldreandsvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt.

Du har krav på å behalda fastlegen din ved opphald i sjukeheim.

 

Byte av fastlege

Gå inn på veiledning helsenorge.no eller ring 23 32 70 00

 

Nyttige nettsider

Dersom du har spørsmål om legetenesta i Bømlo kommune ta kontakt med leiar Tove Britt Digernes mobil 992 54 351 eller på epost tove-britt.digernes@bomlo.kommune.no
 



 

 


 




 





 

Sist endra 20.04.2020 10:05
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
Søknadsskjema (1)
 
Login for redigering