Legetenester

 

 

Legevakt 116117 (nasjonalt nummer)

Ved akutt oppstått sjukdom ring 116117 uansett tid på døgnet.

 

Legevakta er interkommunal og lokalisert til Stord sjukehus

 

Livstruande tilstander: Ring 113 (Medisinsk nødtelefon-Haugesund)


Legekontor i Bømlo

Det er fire legekontor i Bømlo kommune. På Svortland ligg Bremnes legesenter med 5 legar og turnuslege, og Kystlegane med 5 legar. Moster legekontor har 2 legar og Bømlo legekontor på Langevåg har 1 lege. Det blir nytta vikarlege når nokon er borte over fleire dagar, ellers vikarierer legane for kvarandre.

 

Endringar av fastlegar:

Sandre Langedal er frå 01.09.17 tilsett som fastlege ved Kystlegane. Ho overtar Anna Tribis sin praksis med redusert listestorleik til 700 pasientar.


Ca 400 pasientar frå Anna Tribis si liste vil få fastlege ved Bremnes legesenter på «Liste utan fast lege».  Denne lista vil ha vikarlege Valeriu Girla ut 2017.


Anne Marit Særsten Halvorsen er tilsett som fastlege ved Bremnes legesenter frå 01.01.18 og tar over pasientar som står på «liste utan fast lege»


Pasientar som får ny fastlege vil få melding frå Helfo om kva lege dei er tildelt. Dersom du får lege ved anna legekontor kan du be om overføring av journal.


Legesituasjonen per september 2017:

KYSTLEGANE:  Tlf 53 42 56 10
 Livar Braut
 Kåre Dahl
 Astrid J. Færevåg
Gunnar Bondevik
Sandra Langedal

BREMNES LEGESENTER: Tlf 53 42 33 11
Marit Aas
Jorid Fadnes
Ingvild T. Dahl
Qaiser Shahzad
Vikarlege: Valeriu Girla . (Frå 01.01.18: Anne Marit Særsten Halvorsen)
Turnuslege

MOSTER LEGEKONTOR: Tlf 53 42 33 80
Torhild Taraldsøy
Hogne Buchvold

BØMLO LEGEKONTOR: Tlf 53 42 33 70
Knut Arve Omdal

 

Time-, reseptbestilling og meir informasjon
 

Bremnes legesenter

Kystlegane

Moster legekontor

Timebestilling hjå Bømlo legekontor

Reseptbestilling hjå Bømlo legekontor

 

Tannlegevakt:

www.tannlegerinorge.no


Fastlegeordninga

Fastlegeordninga gjev alle innbyggjarane i Norge rett til å ha ein almennlege som sin fastlege. Fastlegeordninga er friviljug. Dei som ikkje ønskjer å vere del av fastlegeordninga, må sjølv finna ein allmennlege å gå til.

Fastlegene har avtale med kommunen om å gje innbyggjarane almennlegetenester, både når det gjeld somatiske og psykiske problem. Det er fastlege som skal kontaktast ved akutte tilstander som oppstår på dagtid. Dette fordi det faste lege kjenner deg og dine helseproblem best, og behandar difor også dei vanlege akutte problema best. Alle legekontora i kommunen har plikt til å setje av rimeleg tid til akutte tilfelle.
 

Fastlegen er ein allmennlege som har inngått avtale med kommunen om deltaking i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein fast, namngitt allmennpraktiserande lege. Fastlege skal vera tilgjeneleg for sine pasientar og skal prioritere desse føre personar som ikkej står på legen si liste. Du kan sjølv velgje kva for lege du vil ha som fastlege, men lege må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommunen enn den du bur i.

Det er friviljug å delta i ordninga, og du kan fritt velgje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betalar du ein høgare eigenandel. Dersom du har foreldreandsvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt.

Du har krav på å behalda fastlegen din ved opphald i sjukeheim.

 

Byte av fastlege

Gå inn på helsenorge.no eller ring 800HELSE (800 43 573)

 

Nyttige nettsider

Dersom du har spørsmål om legetenesta i Bømlo kommune ta kontakt med leiar Tove Britt Digernes mobil 992 54 351 eller på epost tove-britt.digernes@bomlo.kommune.no
 



 

 


 




 





 

 

Sist endra 04.09.2017 13:47
Fant du det du leitte etter?