Rus og psykisk helseteneste

 

Rus og psykisk helseteneste gjev tilbod til vaksne (over 18 år). Barne- og famlietenesta gjev tilbod til dei under 18 år.


Rus og psykisk helseteneste har kontor og dagtilbod på "Nyving" (Adresse Bøtun, like bak Bømlo helsehus). Dei tilsette har fagutdanning innan sjuke- og vernepleie, med vidareutdanning i psykatri. I støttesamtalar kan tenesta gje hjelp til betre innsikt i eigen situasjon og til å meistra dagleglivet. Me gjev òg tilbod om heimebesøk. Samarbeid med andre etatar kan vera nødvendig for å gi best mogleg hjelp.

 

Tenesta gjev tilbod til mennesker med moderat til alvorleg psykisk liding, mennesker i livskrise og pårørande til personar med psykiske vanskar.

 

Miljøteneste innan rus og psykisk helse


 

Søknad om hjelp skal sendast Tenestekontoret men ta gjerne kontakt med oss på Psykisk helse dersom du har spørsmål.

 

Psykisk helse har òg eit dagtilbod.

 

Smiso-Hordaland er ein del av Bømlo kommune sitt tilbod tilpersonar utsett for seksuelle overgrep og til pårørande. 

 



 

NAV: Rusvernkonsulentane (svarar kun i arbeidstida):

mobilnr. 948 50 718 / 915 76 569

 

Lenker
Helse og omsorgstenester
Psykiatrisk sjukepleie
Dagtilbod, psykisk helse

 

Sist endra 30.01.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 92
Mobil:
489 90 099
Tittel:
verksemdsleiar
Bunnhjørne
Kommunale tenester (1)
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering