Trivselshuset

Trivselshuset er eit tilbod til eldre og personar med demens. Tilbodet har som målsetjing å stimulera, aktivisera og gje gode opplevingar. Me har ope fem dagar  på dagtid og ein ettermiddag i veka. 

Kven kan få tilbodet?

Eldre og personar med demens som ynskjer å delta i aktivitetar på Trivselshuset, eller ynskjer eit individuelt tilpassa aktivitetstilbod i eigen heim.  

Slik søkjer du

Søknadsskjema for tilbod på Trivselshuset finn du her (PDF, 406 kB)

Send søknaden til:

Bømlo kommune 
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Kva kostar det?

Du må betala for mat og aktivitetar. Pris pr. dag (f.o.m. 01.10.2021) er kr 210. 

Meir informasjon

Trivselshuset Bremnes har eiga Facebook-gruppe

Aktuelle lover og forskrifter

Helse og omsorgstjenesteloven

Pasient og brukerrettighetsloven

Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester

Til toppen