Søre Bømlo omsorgsområde / Bømlo omsorgstun

Søre Bømlo omsorgsområde har base på Bømlo omsorgstun som ligg like ved Bømlo kyrkje på Langevåg. Geografisk omfattar omsorgsområdet den sørlege delen av kommunen, frå Lykling kyrkje i nord til Langevåg i sør, i tillegg øyane Espevær og Geitung.


Området har ansvar for heimetenester og drift av Bømlo omsorgstun. Heimetenestene tilbyr heimesjukepleie, heimehjelp, tryggleiksalarm og utlevering av middag. Heimesjukepleien har nattpatrulje som har base på omsorgstunet.


Institusjonen har 10 lantidsplassar 2 korttidsplassar. Institusjonen skal vera heimen til brukaren, der brukaren får fagleg hjelp og oppfylging. Kvar tysdag ettermiddag er det "ope hus" med kaffi og vaflar. Pårørandemøte/informasjonsmøte vert skipa til årleg for brukarane. Institusjonen har ikkje fast visitttid, men pårørande og besøkjande er velkomne når det høver.

 

Det er dagtilbod til 5 brukarar ein dag i veka. Aktivitøren legg til rette for trivselsskapande og meiningsfylte aktivitetar for brukarane i kvardagen, arrangerer sommar- og julefest, der også bebuarane i omsorgs- og trygdebustadane vert inviterte.  

Søknad om tenester vert vurdert og tildelt ved Tenestekontoret på Rådhuset.

 

Lenker:
Søknad om helse og omsorgstenester
Betaling for helse og omsorgstenester
    

 

Kontakt:
Bømlo omsorgstun
5443 Bømlo
Tel.:   53 42 37 60
Faks:  53 42 37 61
Epost: postmottak@bomlo.kommune.no

   

Sist endra 02.02.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 37 62
Mobil:
908 60 922
Tittel:
verksemdleiar
Bunnhjørne
Eining (1)
Søknadsskjema (1)
 
Login for redigering