Teiglandshagen bufellesskap

Teiglandshagen bufellesskap

Teiglandshagen bufellesskap ligg fint til i Mosterhamn, like ved Moster servicesenter og alderspensjonat.
 
Teiglandshagen er ein institusjon for menneske med diagnosen demens. Det terapeutiske arbeidet i Teiglandshagen skal gje eit omsorgs- og behandlingstilbod bygd på respekt, tryggleik og god livskvalitet for bebuarne. Bufellesskapet er tilrettelagt slik at det skal gje eit høgare funksjonsnivå, mindre bruk av medikament, større tryggleik og betre livskvalitet for den demente. Det skal også ta vare på den demente sine pårørande.
 
Teiglandshagen bufellesskap har to avdelingar med åtte pasientar på kvar avdeling.
 
Eige rom
Bebuarane har eigne rom på ca. 24 kvm som er kombinert stove, soverom og bad. Kvar avdeling har sitt eige kjøken med spiseplass. Måltida er difor tilpassa det tidspunktet som passar best for den enkelte bebuar. Bebuarane kan setja sitt personlege preg på rommet med private eigendelar som for eksempel møblar, gardiner, bilete, sengeteppe, bøker, TV, radio, telefon eller anna.
 
Primærkontakt
Kvar bebuar har sin eigen primærkontakt. Primærkontakten har ansvar for å etablera eit samarbeidsforhold til bebuar og pårørande. Det blir tatt utgangspunkt i bebuaren sine eigne ynskje, behov og ressursar.
 
Lege og tannlege
Bufelleskapet har fast legetilsyn ein gong i veka. Behov for legetilsyn utover dette blir vurdert av vakthavande sjukepleiar. Tannlegebehandling er gratis og vert ordna av sjukeheimen gjennom folketannrøkta.
 
Betaling for opphaldet
Kostnaden ved opphaldet i sjukeheimen er fastsett av Sosial- og helsedepartementet og Bømlo kommune.

 

Søknad om plass
Søknad om tenester vert vurdert og tildelt ved Tenestekontoret på Rådhuset.
Opplysningar om betaling kan ein få ved å kontakta institusjonen.
 

 

Lenker:
Søknad om helse og omsorgstenester
Betaling for helse og omsorgstenester

 

Kontakt:
Teiglandshagen bufellesskap
5440 Mosterhamn
Telefon:  53 42 37 91
Faks:      53 42 37 59
 
Kontaktpersonar:

Hilde Hopsdal
53 42 37 90

Sist endra 02.02.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 34 02
Mobil:
991 57 554
Tittel:
verksemdleiar
Bunnhjørne
Eining (1)
Søknadsskjema (1)
 
Login for redigering