Friluftsliv

Salma-marsjen 2011. - Klikk for stort bilete Magne Raknes  

Bømlo er eit kystsamfunn med over tusen øyar innafor kommunegrensa. Store delar av øyriket vårt er i dag bunde saman av bruer. Både topografisk og biologisk byr Bømlo på stor variasjon. Frå Langevåg og Espevær i sør til Slåtterøy i nord femner naturen innom forblåste bergnabbar yttarst i havet til frodige og djupe skogsområde.    

 

Bømlo ligg i eit typisk kystmiljø, men med svært variert natur. Denne spenner frå opne berg og knausar mot storhavet til djupe skogområde med variert vegetasjon og mange ferskvatn. Dette saman med den store variasjonen i geologi og jordsmonn gjev livsvilkår for eit bredt utval av dyr, planter og fisk. Nokre av planteslaga og miljøa dei veks i er heilt spesielle for øya vår. Bømlo har difor fleire verna naturområde både for plante- og fuglelivet.    

 

På Bømlo kan du dykka, klatra, bada og gå fine turar. Badeplassar finn du over heile Bømlo, og dersom du vil ha fred og ro er det lett å finne seg ein våg ingen andre veit om. Her er mange merka turløyper å velja mellom, og det karakteristiske fjellet vårt, Siggjo, er ein klassisk søndagstur for innbyggjarane i kommunen. Herifrå er det flott utsikt over heile skjærgarden, og her finst tusen år gamle spor etter dei første menneska som tok dette landet til sitt.  

 

Me vonar desse sidene kan vera ein inspirasjon til å oppleva naturen vår!    

Sist endra 15.01.2016
Fant du det du leitte etter?