Idrett

Balleik på stadion. - Klikk for stort bilete

Idrettsaktiviteten i Bømlo er stor, med mange lag og ulike idrettsgreiner.

Bømlo idrettsråd er ein paraplyorganisasjon til dei fleste idrettslaga på Bømlo. Rådet uttaler seg i idrettspolitiske saker i kommunen og er eit bindeledd mellom administrasjonen i Bømlo kommune og idretten.


Kommunen har mange idrettsanlegg, dei fleste eigde og drivne av idrettslaga. Sakshandsaming og rådgjeving for søknader om spelemidlar og andre statlege tilskotsmidlar er knytt til kommunen og rådgjevar for kultur og idrett.


Fylkeskommunen er delegert mynde frå staten til å fordela spelemidlar til:

  • Ordinære anlegg til dømes fotballbanar, skyteanlegg, diverse hallar m.m.
  • Nærmiljøanlegg som ulike typar ballbinger, skateparker, sandvolleyballbaner m.m.
  • Lokale kulturbygg

Søknaden går først til kommunen der anlegget er lokalisert. Kommunen føretar ei intern prioritering av søknadane, før dei blir sendt vidare til fylkeskommunen.

Kven kan søkja om spelemidlar?
Søkjarar om tilskot frå overskot av spelemidlar til idrettsanlegg kan vera kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, friluftsorganisasjonar, stiftingar, partslag eller andre samanslutningar medrekna til dømes burettslag og velforeiningar.

Det er eit grunnleggjande prinsipp at støtte i form av spelemidlar ikkje skal danne grunnlag for fortenestebaserte eigarformer eller omdannes til forteneste for private eigarar.


Kva kan det søkjast om tilskot til?
Det kan søkjast om tilskot og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.

Kor mykje kan det søkjast om?
Hovudregel på ordinære anlegg er at det kan søkjast om tilskot med inntil 1/3 del av anlegget sin godkjente kostnad opp til eit maksimumsbeløp (sjå føresegner for anlegg.

Nedre grense for godkjent kostnad ved berekning av tilskot er pr 2015 kr 150 000.

Ved søknad på nærmiljøanlegg kan det søkjast om tilskot for inntil halvparten av godkjent kostnad. Maks tilskotet er kr 300 000 og minimum kr 25 000.

Søknadsfrist er 15. september (kommunal frist).

   

Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 68
Mobil:
911 65 377
Tittel:
rådgjevar kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering