Kultur

Blåsarar frå Bømlo kulturskule sommarkavalkade 2014. - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune ynskjer å leggja til rette for eit blømande kulturliv, med fokus på familie og einskild individ. 

Arbeidsoppgåver innanfor område kultur og idrett:


Kultur har ulike støtteordningar:

  • Aktivitetsmidlar (frist 01.04 + 01.10)
  • Eldsjelpris – blir delt ut annakvart år (frist 01.11)
  • Kulturstipend – blir delt ut annakvart år (frist 01.10)


Aktivitetsmidlar

Aktivitetsmidlar blir delt ut til lag og organisasjonar som han konkrete aktivitetar/arrangement dei ynskjer midlar til. Med desse midlane ynskjer ein å oppmuntre til oppretting av eit breitt tilbod av fleire aktivitetar/arrangement innan kommunen. Nye og nytenkjande aktivitetar/arrangement, samt arrangement/aktivitetar der fleire lag/organisasjonar arbeidar saman, vil bli prioritert.


I utval for oppvekst, kultur og idrett sitt møte, den 31.05.2016, fekk rådmannen fullmakt til å tildele inntil 25% av avsette aktivitetsmidlar administrativt.


Det er ingen søknadsfrist, og søknadane blir handsama etter kvart som dei kjem inn.

    

 

Søknadsskjema aktivitetsmidlar             

 

Eldsjel-prisen

Eldsjel-prisen blir delt ut annakvart år til ein eller ei som i sitt nærmiljø har utmerka seg ved å gjera ein god innsats til gode for eit lag, ein organisasjon eller for andre menneske rundt seg. Med dette vil merksemda blir retta mot den uunnverlege innsatsen frivillige står for, som er eit gode for nærmiljø, kommune, næringsliv og einskild individ. Eldsjel-prisen kan bli gitt etter søknad frå andre.  
 

Kulturstipend

  1. Som ei støtte til personar heimehøyrande i Bømlo kommune, og som engasjerer seg innanfor kulturområde, kan ein annakvart år dela ut stipend på til saman kr 20 000. Summen kan delast mellom to eller fleire personar.
  2. Utval for oppvekst, kultur og idrett kan justera stipendsummen.
  3. Kulturstipendet blir gitt til dei som viser særlege evner innanfor musikk, idrett eller kunst, eller som legg ned eit stort arbeid innanfor kulturlivet elles.
  4. Stipendet er meint som ei spore til vidare innsats for å kunne halde fram med å utvikla seg innanfor sitt område.
  5. Det må sendast inn personleg søknad.
  6. Ved handsaming av søknaden blir det lagt vekt på at søkjaren har ein plan for bruk av midlane, og at midlane vil gjera det lettare å realisera planen.
  7. Mottakarane skal gje kort skriftleg tilbakemelding på korleis stipendet blir nytta.
  8. Administrasjonen skal syta for å lysa ut stipendordning m.a ved utlysing i pressa i god tid før innsending av søknad.
  9. Søknadsskjema skal sendast til utval for oppvekst, kultur og idrett, som gjer endeleg vedtak om kven som skal få stipendet.
  10. Dersom ikkje kulturstipendet blir delt ut eit år, kan midlane overførast til bruk året etter.
     

Søknadsskjema kulturstipend (PDF, 155 kB)

Sist endra 31.05.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 68
Mobil:
911 65 377
Tittel:
rådgjevar kultur og idrett
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (1)
Søknadsskjema (1)
 
Login for redigering