Allereie registrert for koronavaksine?

Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. Har du allereie registrert deg? Då treng du ikkje ringe Vaksinetelefonen for å sjekka om du er registrert. 

Midlar til aktivitetar og arrangement for 65+

Bømlo kommune har fått midlar frå Helsedirektoratet øyremerka aktivitetstiltak retta mot aldersgruppa 65+. Midlane skal brukast for å leggja til rette for auka aktivitet og auka sosial deltaking i perioden med koronapandemi. Eldrerådet og Bømlo pensjonistforeining har, saman med frivilligsentralen og fleire andre, gitt innspel til korleis midlane bør nyttast.

I løpet av februar blir det laga ei gruppe per lokalsenter med ressurspersonar som kan initiera og koordinera aktivitetar og arrangement lokalt. Det er ein stor fordel om me får mindre arrangement spreidd i heile kommunen, ettersom smittevern også vil vera viktig dei neste månadene.

I tillegg lyser me ut delar av midlane med frist 14.3.21. Gruppene i lokalsentruma og alle lag og organisasjonar i Bømlo kan søkja.

Her finn du søknadsskjema for midlar til aktivitetar og arrangement 65+

Kommunen vil, saman med frivilligsentralen, koordinera spørsmål om mellom anna smittevern, målretta rekruttering av deltakarar, praktiske spørsmål om transport osv. I tillegg vil me bidra til erfaringsdeling og koordinering på tvers av lokalsentra.

Har du spørsmål eller innspel kan du ta kontakt med lene.borgen.waage@bomlo.kommune.no.

Retningsliner for aktivitetsmidlar retta mot seniorar og eldre i 2021

  • Føremålet med ordninga er å stimulera til aktivitet og auka sosial deltaking for seniorar og eldre i perioden med koronapandemi.
  • Aktivitetar/arrangement skal vera for målgruppa (65+), men kan også involvera andre (som til dømes familiemedlemmar).
  • Stønadsordninga skal gjerast kjent med utlysing i lokalavisa, på Bømlo kommune sine heimesider og i sosiale media.
  • Søknadsfrist er 14.03.21. Det kan også bli nye utlysingar på nytt i løpet av 2021.
  • Tilskot blir ikkje gitt til ordinær drift eller investeringar, men til oppstart eller gjennomføring av konkrete aktivitetar eller arrangement.
  • Grupper i lokalsentruma som er oppnemnde i samband med prosjektet og alle lag og organisasjonar i Bømlo kan søkja.
  • Aktivitetane må gjennomførast i 2021.
  • Eit lag kan søkja om tilskot til fleire aktivitetar, men ein kan berre søkja om midlar ein gong pr. arrangement.
  • Det må gå fram av søknaden korleis arrangementet/aktiviteten er tilpassa ulike smittesituasjonar. Me oppfordrar til å tenkja gjennom om til dømes arrangementet kan gjennomførast ute eller med fastmonterte seter eller med mindre enn 10 deltakarar. I samband med handsaming av søknadane vil smittevern bli vurdert.
  • Ein kan søkja på førehand eller etterskotsvis.
  • Det må leggjast inn budsjett/rekneskap i søknaden.
  • Som hovudregel blir tilskot utbetalt etter at arrangementet/aktiviteten er gjennomført, med utgangspunkt i ei kortfatta rapportering etter fastsett mal.
Til toppen