4. vaksinedose covid-19 for 65+ 

Tysdag 6. og torsdag 8. september vert det ved Gamle Bremnes ungdomsskule vaksinering med 4. dose koronavaksine til alle over 65 år og 18-64 år med underliggjande sjukdommar.

dirigering av trafikk for vaksinering. foto. - Klikk for stort bilete Simon Knutsson Sortland Folkehelseinstituttet tilrår ein 4. dose koronavaksine til alle over 65 år og 18-64 år med underliggjande sjukdommar. Vaksinering av denne dosen vil gjennomførast ved Gamle Bremnes ungdomsskule på følgjande datoar:

  • Tysdag 06/09-22 kl. 08.30-16.30 
  • Torsdag 08/09-22 kl. 08.30-11.30

Du må tinga time, me sender i desse dagar ut invitasjon via Helseboka.

Drop-in dagar

Me skal og ha oppsamlingsdagar i veke 38 og 39, då vil det vere høve for å møte på Drop-in dagar. Desse dagane blir: 

  • Måndag 19/09-22 kl. 12.00-15.00 
  • Tysdag 27/09-22 kl. 09.00-12.00

Då er det berre til og møte opp på desse dagane, ein må pårekna litt venting.

Søre Bømlo Helsestasjon – drop-in

Måndag den 12/09-22 mellom kl. 09.30-12.00 har me drop-in vaksinering på Søre Bømlo Helsestasjon. Dette er eit tilbod til dei tilhøyrande Langevåg. Her er det berre til og møte opp.

PS: Nokon har allereie fått seg time på Bremnes Helsestasjon, desse timane er gjeldande sjølv om du før melding om innkalling. Dei som ikkje har ringt og fått seg time, kan følgje lenkja og setja seg opp på time i helseboka.

Om du treng hjelp, ring Koronatelefonen 53 42 30 01 kvardagar mellom kl. 09.00-11.00 eller send ein mail til Vaksine@bomlo.kommune.no 

NB: Oppfriskningsdose kan tilbys tidligst 4. månader etter siste vaksinedose. Har ein gjennomgått korona skal det være minimum 3. veker frå tilfriskning til ny dose.

Til toppen