Forureining

Når du varslar kommunen om forsøpling eller forureining vil me vurdera saka etter forureiningslova  og eventuelt følgja opp saka vidare.

 I forureiningslova § 7 står det at alle har ei generell plikt til å unngå forureining.

 "Ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmende eller være til skade eller ulempe for miljøet." § 28.

Kommunen har mynde til å gi pålegg til den ansvarlege for ulovleg forureining.

Kommunen kan gi særskilt løyve til forureinande tiltak, noko som krev søknad.

I større forureiningssaker er Statsforvaltaren rette mynde.

Førespurnader om forsøpling eller anna ureining kan rettast til landbruk- og miljøavdelinga. Me vil avklara kven som er rette forureiningsmynde og så langt som mogleg prøva å finna ut kven som er ansvarleg.

Les meir om forureiningslova her:

Til toppen