Næringsarbeidet i Bømlo kommune

Næringslivet på Bømlo er variert, med mange små og mellomstore verksemder og nokre få store aktørar. Gründertradisjonen står sterkt i kommunen. Bømlo er ein av dei kommunane i Norge med høgast industrisysselsetting i høve til folketal.

På grunn av nærleiken til sjøen er det naturleg nok mykje industri knytt opp mot fiske, oppdrett og sjøfart. Her er høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfartsnæringa, stor rederiverksemd særleg knytt til offshoreindustri, og ei ekspansiv havbruksnæring. Innan reiselivsnæringa er det stor aktivitet. Elles er det ein del jordbruk her, og dei vanlege servicenæringane er sjølvsagt sterkt representerte.

Ordførar og kommunedirektør

Ordførar og kommunedirektør har ansvar for samarbeidet mellom det lokale næringslivet og kommunen, og for å leggja tilhøva til rette for ei positiv utvikling både av næringslivet på Bømlo og lokalsamfunnet. I dette ligg å marknadsføra kommunen som ein attraktiv næringskommune og utvikla interkommunalt og regionalt næringsretta arbeid.  

Det betyr å vera aktiv i forhold til lokale, regionale, nasjonale og internasjonale rammevilkår, å etablera og utvikla nettverk mellom næringslivet i kommunen og regionen. Gjennom dette arbeidet ynskjer kommunen også å vera aktiv i relasjonen skule - næringsliv og utvikla samspelet mellom kultur og næringsverksemd.    

Bømlopakken

Bømlo fiskerihamn

Karriererettleiing for deg over 19 år

På lag med Atheno

Bømlo kommune har gjennom mange år hatt ein tydeleg politikk på å driva aktiv næringsutvikling. Me gjer det me kan for å leggja til rette for så vel idéhavarar og gründerar som etablert næringsliv. Kommunen har gjennom mange år etterstreva ei positiv og berekraftig utvikling for næringsaktørar og det samla næringsliv, for å gi gevinstar til lokalmiljø og region.

Atheno AS er Bømlo kommune sin leverandør på 1. lineteneste innan næring. Avtalen inneber blant anna at Atheno stiller til disposisjon sin metodikk og ulike verkty, kompetanse og sitt nettverk for utvikling av idéar og selskap i tidleg fase. Atheno har også ansvar for dette arbeidet på Stord, i Fitjar og på Tysnes. Det at ein samlar dette arbeidet hos ein aktør gir gode synergiar på kompetanse og nettverk som kjem etablerarar og gründerar til gode.

Forretningsutvikling

I Atheno arbeider ein med forretningsutvikling knytt til selskap i etableringsfasa, unge bedrifter og etablerte bedrifter. Atheno sine tilsette har lang erfaring i å rådgje bedrifter for å sikre trygg og god drift. Atheno spelar også på lag med andre aktørar i virkemiddelapparatet for å kunne gje kvar einskild bedrift best mogleg oppfølging og rådgjeving. Ta kontakt om du ynskjer ein uforpliktande samtale knytt til forretningsutvikling for di bedrift.

Atheno canvasprosess

For alle som driv eller skal drive ei bedrift er det viktig med god oversikt. Ved å arbeide målretta med Business Model Canvas får ein nettopp det. Dei tilsette i Atheno kan delta i ein slik prosess med deg. Atheno garanterer overraskingar, betre oversikt, og at det vil gjere deg og bedrifta di betre rusta til å oppnå gode resultat.
Atheno har også ansvar for førstelinjearbeidet innan næring på Stord, Fitjar, Sveio og Tysnes. Det at ein samlar dette arbeidet hos ein aktør gir gode synergiar på kompetanse og nettverk som kjem etablerarar og gründerar til gode.

Workshop

I Atheno har ein lang erfaring med å skreddarsy workshops for kundane sine behov og målsetnader. Felles er at ein nyttar kreative metodar for å avklare mål, skape nye idear og motivasjon for vidare strategiarbeid.
Atheno har dei siste åra gjennomført workshops for avdelingar i store nasjonale konsern, festivalar, reiselivsbedrifter, gründerbedrifter og nettverksorganisasjonar i den maritime næringa for å nemna noko.
Atheno skreddarsyr gjerne ein workshop for deg og di bedrift om du ynskjer det!

Lær meir om vår samarbeidspartnar Atheno AS

Til toppen