Beredskap i Bømlo kommune

Bømlo kommune arbeidar for å vera best mogleg førebudd på beredskaps-situasjonar som kan oppstå. Me gjer dette gjennom planarbeid og øvingar, og i samarbeid med mange andre aktørar for at innbyggjarane i Bømlo skal leva i eit trygt og godt lokalsamfunn. Ved ei uønska hending / beredskapssituasjon vil framsida til kommunen si nettside verte omgjort til beredskapsportal for å gje viktig informasjon til innbyggjarane og media.

Bømlo kommune har beredskapsplanverk som vert brukt i beredskapssituasjonar. Administrativ del av beredskapsplanverket ligg på kommunen si nettside. Øvrig beredskapsplanverk er interne arbeidsdokument.

Kommunal kriseleiing (KKL)
Ved ei beredskapshending kan kommunedirektøren avgjera at det skal etablerast ei kommunal kriseleiing i kommunen. Kommunal kriseleiing kan vera aktiv sjølv om det ikkje er ei krise, men heller ein beredskapssituasjon. Naudetatane og Hovudredningssentralen kan anmoda om at kommunal kriseleiing vert etablert, som støtte for redningsarbeid. Kommunal kriseleiing si oppgåve kan m.a. vera å gje støtte til pågåande arbeid på staden der beredskapshendinga har oppstått, samstundes som ein startar arbeidet med langsiktige verknader av beredskapshendinga. Dette gjeld både menneskelege og materielle verknader.

Dei nasjonale beredskapsprinsippa; likskaps-, ansvars-, nærleiks- og samvirkeprinsippet, vert nytta i Bømlo kommune sin organisering og utøving av beredskap.
Likskapsprinsippet medførar at den organisering ein organisasjon opererar med til dagleg og den som vert nytta i beredskapssituasjonear, skal vera så lik som mogleg.
Ansvarsprinsippet førar med seg at den som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, også har ansvar for det samme området i beredskapssituasjonar.

I Bømlo kommune sin beredskapsorganisasjon er den politiske og den administrative leiinga vidareført i beredskapsorganisasjonen, jf. likskaps- og ansvarsprinsippet. Kommunal kriseleiing kan evt. forsterkast med relevant fagkompetanse, alt etter type beredskapssituasjon.

Telefonnummer og informasjon

Naudnummer til naudetatane:  
Naudnummer. Brann: 110. Politi: 112. Medisinsk naudtelefon: 113 - Klikk for stort bilete Brann - 110   
Politi - 112   
Medisinsk naudtelefon - 113
 

Til toppen