72 timar utan...

Me lev i eitt av verdast tryggaste land - likevel kan det oppstår kriser som inneber at me som innbyggjarar må klara oss sjølv i nokre dagar. I alle fall me som er friske. Dei siste åra har fleire av oss opplevd ekstremvær som har sett oss på prøve. Når krisen rammar, må kommunen prioritera å bruka ressursane sine og kompetansen sin på å ta vare på dei som treng det aller mest. Derfor vert du som er frisk og kan ta vare på deg sjølv oppmoda til å sørga for god nok eigenberedskap, slik at du kan ivareta deg sjølv og dine næraste i 72 timar.

Under finn du nokre gode råde, slik at du er betre rusta dersom krisen inntreff - og dermed kan du bidra til eit meir robust samfunn.

Brosjyre om eigenberedskap

Informasjon og gode råd for eigen beredskap finn du på nettsida "Sikker hverdag"

Kontaktplan

Ha ein plan for korleis du kan holda kontakt med dine næraste når ein krise oppstår.
Hugs å ha ein oppdatert liste av desse i papirversjon, viss mobilnettet skulle forsvinna.

Viktige forsyningar

Viss straumen vert vekke eller du vert isolert av været over lengre tid, bør du vera rusta til å ta vare på deg sjølv i nokre dagar. For å dekkja grunnleggjande behov i 72 timar, treng du varme, drikke, mat, naudsynte legemiddel, sanitære artikler og moglegheit for å holda deg orientert om kva som skjer. Under ser du kva som er viktig for alle å ha heime.

Forsyningar som bør vurderast

Nokre ting er hyggeleg å ha tilgjengeleg

Til toppen