Førebygging av legionellasmitte i heimen

Faren for å bli smitta av legionellabakterier er liten. Du kan sjølv gjera enkle tiltak for å redusera faren ytterlegare.

Legionella er ein bakterie som lever i fuktige miljø i naturen. Bakterien trivst best i vatn mellom 20 og 50 grader, og døyr om vatnet er varmare enn 70 grader. I kaldt vatn vil bakterien ikkje trivast. Talet på legionella-bakteriar kan derimot auke kraftig inne i vassrøyr og i andre fuktige innretningar når tempera-turen i vatnet er mellom 20 og 50 grader, og det står stille eller renn sakte.

rennande dusjhovud - Klikk for stort bilete

 

I vedlagte dokument finn du råd for førebygging av legionella-smitte. (PDF, 98 kB)

Til toppen