Bømlo: Siste nytt

fjernsynsbilete av kvinne som snakkar

Regjeringa melder i dag at frå i morgon klokka 16.00 kan me gå tilbake til ein normal kvardag slik det var før koronapandemien braut ut. Det vert ein del råd og reglar som framleis vil gjelda, og nokre lokale endringar med omsyn til testing og karantenereglar.

 

pensjonistvaksinatør set sprøyte på mann

Dei som ønskjer koronavaksine, men som enno ikkje har fått time til første dose, må kontakte koronavaksinetelefonen 53 42 30 02 innan utgangen av september.

sjukeoleiar set koronavaksine på ung dame

Bømlo kommune tilbyr frå slutten av veke 38 vaksinasjon av ungdom i gruppa 12-15 år. Vaksinering må godkjennast av føresette. Vaksineringa vert gjennomført på gamle Bremnes ungdomskule - Koronasentralen.

sjukeoleiar set koronavaksine på ung dame

Folkehelseinstituttet tilrår ein tredje dose koronavaksine til utvalde grupper med alvorleg svekka immunforsvar. Det er nasjonale helsemynde og spesialisthelsetenesta som identifiserer dei som er i målgruppa, og desse vil få eit brev frå sjukehuset som dei kan nytte som dokumentasjon når dei bestiller time til vaksine. I visse høve kan annan dokumentasjon nyttast dersom du førebels ikkje har motteke brev. 

portrett av mann

I dag kan me presentera ein instruksjonsvideo for hurtigtesting heime dubba til arabisk og tigrinja. Bømlo kommune har no lagt til rette for at barn og unge under 18 år som er nærkontakt til ein som er smitta, kan gjennomføre testing i staden for å gå i smittekarantene.

portrett av dame

- Bømlo har siste tida hatt tilråding om strengare tiltak enn elles i landet grunna høgt lokalt smittetrykk. Me er no i same situasjon som resten av landet og vil følgje dei same reglane og tilrådingane som gjeld nasjonalt frå midnatt 8. september

portrettbilde av kommunelege

Kommuneoverlegen vurderer lokal smittesituasjon slik at alle barnehagar og skular kan gå til grønt nivå frå måndag 06.09. Dette gjeld også dei vidaregåande skulane og Bømlo vaksenopplæring som hittil har vore på gult nivå.

Kommunevåpen over raudt covid19 virus. Illustrasjon.

Bømlo kommune vil framover ikkje kome med daglege meldingar om smittesituasjonen. Tal smitta, og etterkvart anna statistikk, vil bli å finna under fana Smittetal og testar på sida Informasjon om koronavirus.

Kommunevåpen over raudt covid19 virus. Illustrasjon.

To nye tilfelle meldt i går. Eit er nærkontakt til kjent tilfelle, og har vore i karantene.

ung gut hurtigtestar med vaksen

Bømlo kommune har no lagt til rette for at barn og unge under 18 år som er nærkontakt til ein som er smitta, kan gjennomføre testing i staden for å gå i smittekarantene. I dag kan me presentera ein instruksjonsvideo og rettleiar om korleis utføra hurtigtesting heime.

Til toppen