Bømlo: Siste nytt

Kommunevåpen over raudt covid19 virus. Illustrasjon.

Ingen nye smittetilfelle meldt. Påskeafta 3. april er 24 personar testa, der to av desse er nærkontaktar.

Kommunevåpen over raudt covid19 virus. Illustrasjon.

Eitt nytt smittetilfelle meldt. Nærkontakt til kjent tilfelle. Har vore i karantene. Når me no går inn i påskehøgtida minnar me om dei gjeldande reglane og tilrådingane for besøk og overnatting i hus, hytter og rorbuer i kommunen. Neste oppdatering om ikkje nye smittetilfelle kjem 1. eller 2. påskedag.

Kommunevåpen over raudt covid19 virus. Illustrasjon.

Ingen meldte tilfeller med påvist smitte. Tysdag 30.03 vart totalt 54 personar testa. Av desse 33 i samband med smittesporing.

 

 

Kommunevåpen over raudt covid19 virus. Illustrasjon.

Ingen nye smittetilfelle meldt. Måndag 29. mars vart det testa 50 personar, fem av desse i samband med smittesporing.                            

Kommunevåpen over raudt covid19 virus. Illustrasjon.
Det er meldt eitt nytt smittetilfelle, testing og smittestad utanfor kommunen. Vedkomande er i isolasjon. Få nærkontaktar, og desse er i karantene og blir testa. Ingen testing laurdag og sundag 27. og 28. mars.
Kommunevåpen over raudt covid19 virus. Illustrasjon.

Ingen nye smitttetilfeller meldt. Ingen personar testa 27. mars.

Kommunevåpen over raudt covid19 virus. Illustrasjon.

Ingen nye smittetilfelle meldt. Fredag 26. mars vart  21 personar testa, der ein av desse som nærkontaktar.

Kommunevåpen over raudt covid19 virus. Illustrasjon.
Ingen nye smittetilfelle meldt. Torsdag 25.03 vart totalt 34 personar testa, av desse to stykk i samband med smittesporing. Alle prøvesvar i samband med smittesporing onsdag 24.03 gjeldande 5. klasse på Rubbestadneset skule kom tilbake utan påvist smitte.

Etter påske førebur skulane i Bømlo kvar dag på gult nivå, med oppstart tysdag 6. april. Dei vil likevel vera klar for rask omlegging til eventuelt raudt nivå eller heimeskule, dersom lokal smittesituasjon gjer dette nødvendig.

bamsefigurar som ser på data. illustrasjonsfoto

Mange husstandar i ventekarantene pustar letta ut og trur faren er over når ein i familien som er nærkontakt får svar på den første testen utan påvist smitte. Dette utgjer ein fare for vidare smittespreiing. Difor er det særs viktig for alle i husstanden å ikkje ha kontakt med andre så langt som mogleg til det ligg føre svar på test nummer to etter sju døgn.

Til toppen