Bømlo forlengjar lokal forskrift med smitteverntiltak - 22.03.2021

Bømlo kommunestyre vedtok samrøystes å forlengja forskrifta innført frå 16. mars 2021 med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 4-1. Bakgrunnen for vedtaket er aukande smitte i regionen. Forskrifta trer i kraft frå 23. mars 2021 og gjeld til og med 9. april 2021.

Det var ikkje registrert nye smittetilfelle i vår kommune, men Bømlo samarbeidar med Stord og Fitjar kommunar for å sikre regional koordinering og samkøyring av smitteverntiltak. Bømlo formannskap vart orientert tysdag 16. mars om innføringa av lokal forskrift, og ulike tiltak for å førebyggja større smitteutbrot. Desse er også i tråd med tilrådingar frå nasjonale helsemynde og Statsforvaltaren.

Lokal forskrift om smittevern

Mål om effektiv avgrensing

- Det var vist seg vanskeleg å slå ned smitten når viruset først er etablert i samfunnet, og det er difor viktig å etablere førebyggjande tiltak for å hindre at viruset får fotfeste på Bømlo. Medan tidlegare virusvariantar i liten grad spreidde seg mellom barn og unge, har dei nye, dominerande variantane eit stort spreiingspotensiale i denne aldersgruppa. Det er difor naudsynt å avgrense kontakt også mellom unge, samtidig som det må balanserast mot moglege negative konsekvensar av tiltaka, seier kommuneoverlege Kjersti Follesø.
Med bakgrunn i smittesituasjonen, spreiingspotensialet, forventa sjukdomsbyrde og tiltaksbyrde er vår risikovurdering at denne forskrifta er naudsynt. Me meiner at konsekvensane av auka smitte med omsyn til liv og helse gjer tiltaka som følgjer av forskrifta vurdert som naudsynte og tenlege, legg ho til.
- Kommunane Stord, Fitjar og Bømlo er ein del av ein felles bu- og arbeidsmarknad, og med nær tilknyting til Haugalandet. Me ser det føremålstenleg og naudsynt å koordinera ulike oppgåver og tiltak med nabokommunane våre i den noverande smittesituasjonen, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. I tillegg til møter i eigen kommunal kriseleiing har han i dag hatt møter med kommunane Stord, Fitjar, FHI, Helsedirektoratet og Statsforvaltaren for å samkøyra arbeidet. Ut over denne forskrifta og tilrådingane me no har innført følgjer Bømlo kommune dei nasjonale reglane og tilrådingane i kampen mot koronapandemien.

- Viktig å vere lojale mot smittevernråda

- I tillegg til dei lovpålagde tiltaka denne forskrifta slår fast, må me no alle følgja lojalt opp tilrådingar om å følgja smittevernråda. Det er einaste måten å slå smitten tilbake. Så hugs å hald god avstand, ha god hygiene, ha færrast mogleg kontaktar, hald deg heime om du er sjuk og ha låg terskel for å teste deg om du får luftvegssymptom, oppmodar kommunelege Kjersti Follesø.
 
 
 
 
Til toppen