På bakgrunn av aukande smitte i regionen vedtok Bømlo kommunestyre samrøystes å forlengja forskrifta innført frå 16. mars, heimla i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar §4-1. Forskrifta trådte i kraft frå 23. mars 2021 og gjeld til og med 9. april 2021.
Lokal smittesituasjon
Kommuneoverlege Kjersti Follesø meiner det ikkje lenger er grunnlag for å vidareføra den lokale forskrifta. Bakgrunnen er lokal smittesituasjon og at nasjonal forskrift i stor grad samsvarar med Bømlo kommune si lokale forskrift om smittevern. Bømlo kommune opphevar difor gjeldande lokale forskrift frå og med laurdag 10. april.
Den nasjonale forskrifta inneheld punkter om handling, reiser, arbeidsplassar og heimekontor, sosial kontakt, tal personar som kan vera tilstades på arrangement, idretts- og fritidsaktivitetar, og skjenkestopp.
Her finn du tiltaka i den nasjonale forskrifta
- Viktig å vere lojale mot smittevernråda
- Folk må framleis følgja lojalt opp tilrådingar og smittevernråda. Det er einaste måten å slå smitten tilbake. Så hugs å hald god avstand, ha god hygiene, ha færrast mogleg kontaktar, hald deg heime om du er sjuk og ha låg terskel for å teste deg om du får luftvegssymptom, oppmodar kommuneoverlege Kjersti Follesø.
Her finn du statsminister Erna Solberg sin 4-stegs plan for gjenopning av Noreg