Koronavirus - informasjon

Etterregistrering av Covid-19-vaksiner for norsk vaksinepass

Tilbodet gjeld personar som bur eller som skal opphalde seg lenge i Noreg, og som har norsk personnummer eller D-nummer. Det er berre vaksiner godkjent av det europeiske legemiddelbyrået EMA som kan bli registrert.

Dersom du er fullvaksinert og busett i anna land i EU/EØS, kan du nytte godkjent vaksinepass frå heimlandet.

Framgangsmåte ved vurdering for godkjenning av Covid-19-vaksine:

  • Send forespørsel om etterregistrering av vaksine til vaksine@bomlo.kommune.no
  • Du vil få svar med tildelt dag og klokkeslett for ein videokonsultasjon med vaksinepersonell.
  • Ha klart følgjande dokumentasjon: Identifikasjonsbevis og offisielt vaksinasjonsbevis frå vaksinasjonsland
  • Det er ikkje definert som ein naudsynt helseteneste, og du må rekne med at det kan vere litt venting på time ved stor pågang.
  • Pris for tenesta er kr 450,- som ikkje går inn under eigenandel-ordninga til Helfo. 
  • Dersom dokumentasjonen er mangelfull eller vanskeleg å vurdere, kan det bli aktuelt med prøvetaking for å sjekke antistoff.
Til toppen