Har du registrert deg for koronavaksine - 10.02.2021

Bømlo kommune oppmodar alle i alderen 18-84 år om å registrere seg for å få vaksine mot covid19.  Til no er berre i underkant 4000 personar registrerte. Registreringa vert nytta til å tildele time til dei som ønskjer vaksine.

Aldersgruppa 75-85 år sin tur

Gruppa mellom 75 og 85 år står no for tur. Me ber dei om å registrere seg snarast slik at dei kan bli kalla inn til vaksinering. Pårørande vert også bedne om å hjelpe til med å få sine registrert.

FHI - Sjå filmen «Koronabobla» - tilbud om koronavaksine til eldre, syke og helsepersonell (60 sekunder)

FHI – «Corona bubble» - coronavirus vaccine to the elderly, sick and healthcare personnel (60 secs) - English subtitles

Registrer deg her for å få koronavaksine

Har du spørsmål eller treng hjelp – ring Vaksinetelefon 53 42 30 02. Opningstida er kvardagar kl. 09.00-11.30.

  • Ved nokre høve har personar som har registrert både seg sjølv og sine næraste, fått tilbod om å bestilla time, sjølv om den som eig telefonen ikkje er i målgruppa. Då gjeld invitasjonen primært dei som er i målgruppa (t.d. eldre foreldre). Dersom du ikkje er i prioritert gruppe, ber me om at du ikkje set deg sjølv opp på time enno. Du vil få nytt tilbod seinare når det er din tur.
  • Det er friviljug å vaksinere seg – og det er difor lov å reservere seg. Er du i tvil, les deg opp på kommunen sine nettsider eller på helsenorge.no.
  • For dei som ikkje kan ta stilling sjølv ber me pårørande om å gjere ei vurdering. Vaksinen blir gjeve i to dosar med eit bestemt tidsintervall, og det vil bli avtalt tid for dose to når første dose blir sett.
  • Me ber om at du sjølv ordnar skyss til vaksinasjonsstaden så langt det er mogleg. Dersom du ikkje har nokon som kan hjelpe deg, kan du kryssa av for at du treng transport når du registrerer deg. Det er diverre ikkje høve til å få rekvisisjon til transport via Helsereiser.

Bruk denne QR-koden til å kome inn til registrering for koronavaksinasjon i Bømlo kommune. Opne kamera på mobilen din – legg det over koden og trykk på lenkja som kjem opp.qr-kode for vaksineregistrering - Klikk for stort bilete  

Kontakt

Liv Turid Steinsbø                   Direkte tlf: 53 42 33 35                  
leiande helsesjukepleiar        E-post: liv.turid.halbmayr@bomlo.kommune.no

Til toppen