Oppfriskningsdose (3. dose) til dei over 65 år

Bømlo kommune startar opp med vaksinasjon av oppfriskningsdose (3. dose) til folk over 65 år frå veke 47 (22.-28.11)

Oppfriskningsdose (3. dose) vert tilrådd til alle over 65 år. Vaksinen som nyttast er Comirnaty (Pfizer) og dosen vert tilrådd gitt med eit intervall på minst 6 mnd. etter dose 2.

  • Me begynner å sende ut invitasjon til vaksineringa via Helseboka i veke 46. Du må då følgje lenka og logge deg inn med Bank ID for å setje deg opp på time.
  • Invitasjonen blir sendt som sms til mobilnummeret som er registrert på personen.
  • Om du ikkje er i gruppa over 65 og du får invitasjon, så er det fordi du står som fullmektig/verge for nokon i gruppa. Det vil stå initialar til dei det gjeld.
  • Dei eldste får invitasjon først.  Om du ikkje får invitasjon i løpet av veke 46-48, eller har vanskar med å logge deg inn, ring
    Koronavaksinetelefonen 53 42 30 02  kvardagar mellom kl. 09.00-11.00

Vaksineringa vil vera på gamle Bremnes ungdomsskule.

Nærare informasjon om Enklere tilgang til 3. dose for personar med nedsatt immunforsvar 

Liste over førehandsdefinerte legemiddel ligg nedst på denne FHI sida

NB: Folkehelseinstituttet tilrår ein tredje dose koronavaksine til utvalde grupper med alvorleg svekka immunforsvar. Det er nasjonale helsemynde og spesialisthelsetenesta som identifiserer dei som er i målgruppa, og desse vil få eit brev frå sjukehuset som dei kan nytte som dokumentasjon når dei bestiller time til vaksine. I visse høve kan annan dokumentasjon nyttast dersom du førebels ikkje har motteke brev. Pasientar må kunne vise fram dokumentasjon på medisinbruk i form av vaksinebrev frå spesialisthelsetjenesten, journalnotat, resept /e-resept eller medikamentforpakning der namnet til pasienten kjem fram.

Til toppen