Plikt og reglar for testing av covid-19

Frå 17. november 2021 er det forskriftsfesta plikt for husstandsmedlemer å testa seg. Plikta gjeld husstandsmedlemer over 18 år, og dei sju - 7 - dagane startar frå tidspunktet for siste kontakt, eller når den smitta er avisolert, dersom kontakten ikkje opphøyrer. For andre er det ei tilråding om testing, men også her ei skjerping frå tidlegare tilrådingar. 

Reglar for testing
Dersom ein person vert stadfesta smitta med covid-19, har uvaksinerte husstandsmedlemer over 18 år ei plikt til å testa seg. Testinga skal skje anten ved å testa seg i sju - 7 - påfølgjande dagar med sjølvtestar, eller annan kvar dag i sju – 7 - dagar med PCR-test. 

Følgjande personar vert tilrådd å testa seg:
• Alle med nyoppståtte luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, uavhengig av vaksinasjonsstatus.
• Uvaksinerte husstandsmedlemer under 18 år til ein person stadfesta smitta med covid-19. Desse vert tilrådd å følgje eit av dei to testregima for uvaksinerte husstandsmedlemer over 18 år. 
• Vaksinerte husstandsmedlemer til ein stadfesta smitta person vert tilrådd å testa seg to ganger i løpet av ei veke. Nærkontaktar i husstand vert tilrådd å halde seg heime til negativt første prøvesvar ligg føre. 

Timebestilling koronatest

Til toppen